Hopp til innhold

Kaizers i sin spede barndom

Sjå reportasjen frå 2002 – då gutane i Kaizers Orchestra så vidt hadde nok pengar til ein kopp kaffi.

Sjå reportasjoen frå 2002 - då guttane i Kaizers Orchestra så vidt hadde nok pengar til ein kopp kaffi.

►ROGALAND RETRO: Innslaget blei sendt i Rogalandsnytt 30. januar 2002, og er eit av dei eldste innslaga NRK laga om Kaizers Orchestra.

«Kaizers Orchestra har tatt landet med storm» er arkivtittelen på eit av dei første innslaga NRK Rogaland laga om rockebandet Kaizers Orchestra frå Jæren.

Om nokon skulle meina at dette var å ta litt hardt i den gong i 2002, er det i alle fall få som vil ta dette opp til diskusjon i dag. I over ti år har Kaizers Orchestra skrive rockehistorie i Norge, og i morgon spelar dei sin siste konsert på ubestemt tid i Oilershallen i Stavanger.

For å nemna noko har dei spelt for 9.000 i Oslo Spektrum, laga teater, fylt Koengen i Bergen, tatt London og New York med storm, og seld 45.000 billettar til ni avskjedskonsertar i Stavanger.

Kua har vore kalv

Det blir nok ikkje vanskeleg for Geir Zahl og Terje Winterstø å få fatt i ein kopp kaffi bak scena på DNB Arena i morgon.

Men, som Rogaland retro-innslag så ofte syner, har kua ein gong vore kalv.

Året etter førstealbumet «Ompa til du dør» kom ut, måtte dei to rockeartistane nemleg vri lommane godt for å skrapa saman nok pengar til ein kopp kaffi på Folken.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Kaizers farvelkonsert i Stavanger 2013.

NÅDDE TOPPEN: Kaizers gir seg etter tolv år i toppen av norsk rock. 44.000 mennesker skal fylle åtte avskjedskonserter i Stavanger.