Hopp til innhold

- Syriske tryggingsstyrkar driv brotsverk mot menneskeslekta

Amnesty International legg fram ein knusande rapport om situasjonen i Syria. No må det internasjonale samfunnet reagerer, heiter det i rapporten.

Frå midten av april til slutten av mai i år var Amnesty i områda Aleppo og Idlib nordvest i Syria, og i Jabal Wastani nord for Hama for å granske situasjonen for menneskerettar.

– Brende, øydelagde eller plyndra

John Peder Egenæs

John Peder Egenæs er generalsekretær i Amnesty i Noreg.

Foto: Karina Jørgensen / NRK

Her har dei gjennomført over 200 intervju med slektningar til folk som vart drepne eller arresterte, folk som har fått heimane sine brende, øydelagde eller plyndra, samt overlevande frå angrep, augevitne og frisette fangar.

Og dommen er knusande: Angrep og overgrep blir gjennomførde av både regjeringshæren og militsgrupper utan at nokon blir straffa for det.

Rapporten har fått namnet «Deadly Reprisals», på norsk «Dødelege hemnangrep». Her blir det lagt fram bevis for at regjeringshæren gjer omfattande og systematiske overgrep, brotsverk mot menneskeslekta og krigsbrotsverk.

«Dette er ein del av staten sin strategi om hemn mot område der ein reknar med at støtta til opposisjonen er sterk, men også for å spreie frykt for få folk til å underkaste seg», heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: – USA gjev våpen til opprørarane

LES OGSÅ: Clinton skuldar Russland for å lyge om våpen til Syria

– Brotsverk mot menneskeslekta

Generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty i Noreg seier dette i ein kommentar:

– Her torturerer og drep dei alle, også kvinner og born. Vi er vitne til brotsverk mot menneskeslekta, medan det internasjonale samfunnet står like lamma som for eitt år sidan.

Rapporten skildrar vilkårlege avrettingar og omfattande bruk av tortur.

Amnesty presenterte den førre Syria-rapporten sin i mars i år, der det vart dokumentert at fangar vart utsette for tortur. Den nye rapporten viser at også sivile blir utsette for den same systematiske torturen.

Kvinner i brødkø i Houla i Syria.

Kvinner i brødkø i den syriske byen Houla nokre dagar etter ein omfattande massakre der.

Foto: - / Afp

LES OGSÅ: FN-topp meiner det er full borgarkrig i Syria

LES OGSÅ: – Brukar born som skjold

Krev internasjonal reaksjon

– Både regjeringsstyrkane og militsen gjer seg skuldige i desse overgrepa, og det utan å bli straffa for det. Når skal det internasjonale samfunnet reagere, spør Egenæs.

Det står i rapporten at dei sjokkerande overgrepa i Syria har nådd nye høgder. Daglege meldingar om drap, tortur, vilkårlege fengslingar og meiningslaus bombing av heimar viser tydeleg at det internasjonale samfunnet no må reagere for å forhindre stadig meir omfattande angrepa mot sivile, heiter det.

Donatella Rovera er seniorrådgjevar for krisehandtering i Amnesty International.

Donatella Rovera er seniorrådgjevar for krisehandtering i Amnesty International.

Foto: Mohammad Hannon / Ap

Forfattarane bak rapporten meiner at dei nye bevisa om at dei alvorlege overgrepa er del av eit organisert mønster, er opprørande.

LES OGSÅ: – Over 70 drept i nye angrep i Syria

LES OGSÅ: – 120 sivile drepne i Syria i helga

– Under full straffefridom

– Brotsverk mot menneskeslekta og krigsbrotsverk skjer under fullstendig straffefridom, seier Donatella Rovera, seniorrådgjevar for krisehandtering i Amnesty International. Ho er ei av dei som etterforska brota på menneskerettane i Syria dei siste vekene.

– I over eitt år har Tryggingsrådet i FN nølt, og i mellomtida har menneskerettskrisa i Syria fått utvikle seg. No må Tryggingsrådet samle seg til handling og bli samde om konkrete tiltak som kan få slutt på brota på menneskerettane og stille overgriparane til ansvar for handlingane sine, legg ho til.

Donatella Rovera minner om at Amnesty har levert tallause tilrådingar til syriske styresmakter, og at dersom desse hadde vorte gjennomførde, så ville dei ha avverja dei krigsbrotsverka som no skjer.

– Detaljerte bevis

Ho har inntrykk av at den syriske regjeringa ikkje har intensjonar om å avslutte overgrepa, og langt mindre etterforske dei.

– Den syriske regjeringa har prøvd å unngå å bli granska ved å stengje ute Amnesty International, andre menneskerettsorganisasjonar og internasjonale medium. Men dette har dei ikkje lukkast i. Denne rapporten legg fram fleire detaljerte bevis for at syriske styresmakter no er delaktige i langvarige, omfattande og brutale angrep mot sivile innbyggjarar, seier Rovera.

Innslag frå Dagsrevyen 13. juni 2012.

Stormaktene blir ikkje samde om Syria

Angrep mot den syriske byen Homs.

Tung røyk ligg over opprørsbastionen Homs etter ein serie angrep mot byen.

Foto: - / Afp

LES OGSÅ: Å bli kvitt vold med vold

LES OGSÅ: – 100 drept i ny syrisk massakre

SISTE NYTT

Siste nytt