Hopp til innhold

Ikkje krisehjelp til Hellas før etter folkerøysting

EU-landa vil ikkje gi hjelp til Hellas før folkerøystinga om EUs kriseplan, og berre dersom dei seier ja, seier Frankrikes president Nicolas Sarkozy seint onsdag kveld.

Angela Merkel og Nicolas Sarkozy i Cannes.
Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters


Verten for G20-toppøtet i Cannes seier etter samtalar med den greske statsministeren George Papandreou at den greske folkerøystinga truleg blir halden 4.-eller 5. desember.

Statsministeren i Hellas, George Papandreou i Cannes.

George Papandreou er utsett for eit sterkt press i Cannes.

Foto: THOMAS COEX / Afp

Krisestemning før toppmøte

Det er skikkeleg krisestemning før G20-toppmøtet i Cannes George Papandreou seier seint onsdag kveld rett ut at Hellas sitt medlemskap i eurosamarbeidet no er i fare.

- Eg trur likevel at det kan bli eit positivt svar i folkerøystinga. Eg trur grekarane vil bli i euro-samarbeidet, seier han.

Papandreou innser at folkerøystinga kjem til å bli eit spørsmål om ja eller nei til euroen.

Sjefen for det internasjonale pengefondet IMF, Christine Lagarde, bad tidlegare i kveld EU-leiarane om ikkje å droppe kriseplanen for Hellas, trass i den varsla folkerøystinga i landet.

IMF-sjef Christine Lagarde på G20-toppmøtet i Cannes.

IMF-sjef Christine Lagarde seier det er avgjerande viktig at kriseplanen for Hellas blir gjennomført.

Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters

– Det som er viktig no er at europeiske leiarar står fast på planen frå 27. oktober om korleis Hellas kan bergast, sa ho. Lagarde sa dette i Cannes kvelden før det store G20-toppmøtet startar i den mondene, franske middelhavsbyen.

Avgjerda til den greske statsministeren George Papandreou om ei folkerøysting kom som lyn frå klar himmel for EU-leiarane. Frankrikes statsminister Francois Fillon krev no at Hellas raskt gjer det klart om landet vil halde fram i eurosona eller ikkje.

Fryktar eit gresk nei

Presidenten i EU-kommisjonen, Josè Manauel Baroso, er også sterkt kritisk til planen om å sende redningspakken ut til folkerøysting. Han fryktar at grekarane seier nei. Og skal ein tru meiningsmålingar frå det kriseramma landet er det eit solid fleirtal mot å godta redningspakken.

– Utan semje frå Hellas om krisepakken, vil vilkåra for Hellas bli mykje meir smertefulle, spesielt for dei mest sårbare. Det er umogleg å spå konsekvensane, seier han.

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel krev også eit klart svar frå Hellas om landet vil innføre EUs kriseplan.

Frankrikes president Nicolas Sarkozy i Cannes.

Svært hektisk for Nicolas Sarkozy kvelden før G20-toppmøtet startar i Cannes.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

– Det er handling som tel for oss, seier Merkel.

Krisemøte

Det var tidlegare i kveld eit møte mellom Christine Legarde, EU-president Herman von Rompuy, Jose Manuel Baroso, leiarar frå Frankrike og Tyskland og sjefen for eurosona, statsminister i Luxembourg Jean Claude Juncker. Etter møtet sa Juncker dette:

– Vi tok ei avgjerd sist veke som 17 medlemsstatar. Vi kan ikkje tillate at nokon går tilbake på semja frå 27. oktober.

Frankrikes president Nicolas Sarkozy skal i kveld i møte med Papandreou i håp om å finne ein veg ut av krisa som har oppstått.

Ei fransk kjelde som er tett på det som skjer i samband med G20-toppmøtet i Cannes seier i kveld til nyheitsbyrået AFP at det er for seint å prøve å overtale Hellas til å gå tilbake på avgjerda om å halde folkerøysting.

Nicolas Sarkozy og Hu Jianto i Cannes.

Frankrikes president Nicolas Sarkozy tok seg også tid til å møte sin kinesiske kollega Hu Jianto.

Foto: THOMAS COEX / Afp

– Det beste vi kan håpe på er å få dei til å halde folkerøystinga så fort som mogleg, og å gjere det til ei folkerøysting om Hellas framleis vil vere ein del av eurosamarbeidet eller ikkje, seier kjelda.

LES OGSÅ: Partikolleger ber den greske statsministeren om å gå av

LES OGSÅ: – Frykten og usikkerheten har økt

Misnøye i Hellas

Det er sterk misnøye blant mange i Hellas med kriseplanen som vart vedteken sist veke. Dei meiner planen vil gjere forholda for vanlege folk endå verre enn i dag, med meir arbeidsløyse og lågare løn og meir skatt for dei som får behalde jobbane sine.

I går kveld sa leiaren for Den greske foreininga i Noreg, Jannis Barbantonis at Hellas i realiteten er på randa av ein revolusjon .

Det svirrar rykte om eit mogleg militærkupp i landet, etter at statsminister George Papandreou i går skifte ut heile den militære leiinga i landet. . Opposisjonen skuldar Papandreou nyttar krisa til å plassere sine støttespelarar inn i topposisjonane i dei væpna styrkane.

Video Direkte-rapport fra Cannes

VIDEO: Hege Moe Eriksen rapporterer fra Cannes.

Angela Merkel og Jean-Claude Juncker i Cannes.

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og statsministeren i Luxembourg, Jean-Claude Juncker på G20-toppmøtet i Cannes.

Foto: Markus Schreiber / Ap