Hopp til innhold

Ustabilt i Tunisia eit halvt år etter Ben Alis fall

Eit halvt år etter at president Ben Ali og den forhatte kona hans Leila Trabelsi måtte forlate Tunisia, er situasjonen i landet framleis prega av eit maktvakum.

Ben Ali og Leila Trabelsi

Eks-president Ben Ali og kona Leila Trabelsi i sine velmaktsdagar.

Foto: Hassene Dridi / Ap

Frå gravferda til Mohammed Bouazizi.

Mohammed Bouazizis i desember i fjor.

Foto: STR / Afp

Det var 14. januar i år at president Zine Al-Abidine Ben Ali vart pressa til å forlate landet, etter eit massivt folkeleg opprør. Det starta med at den arbeidsledige fruktseljaren Mohamed Bouazizi sette fyr på seg sjølv 17. desember i fjor fordi han kjende seg trakkassert av styresmaktene .

Ben Ali sat 23 år ved makta i det nordafrikanske landet. Han gjorde sitt dårlegaste val i 2009, då han «berre» fekk 89,6 prosent av røystene. Vallistene som eksisterte under Ben Ali er no kasta på søppeldynga, melder nyheitsbyrået AFP. Han er seinare dømd til fengsel in absentia .

Val i oktober

Det er val i Tunisia 23. oktober, men situasjonen i landet er framleis ustabil. Det er ofte demonstrasjonar mot manglande framgang, og sist helg var det væpna samanstøytar mellom i ben Sbeitla sørveset i landet.

Over 2000 nyutdanna valmedarbeidarar skal hjelpe til i prosessen med å registrere veljarar.

Helge Lurås

Helge Lurås er rådgjevar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt.

Foto: NUPI

Rådgjevar Helge Lurås ved avdeling for tryggleik og konflikthandtering i Norsk Utanrikspolitiske Institutt NUPI, seier til NRK at det største problemet er at folk sine generelle forventingane etter regimeendringane, ikkje blir møtte. Han har inntrykk at situasjonen i Tunisia ikkje er ulik situasjonen i Egypt.

- Dei grunnleggjande økonomiske problema held fram, og dei har også blitt verre. Dette skuldast i hovudsak nedgang i turismen, seier Lurås. Det var også mange både tunisarar og egyptarar som hadde arbeid i Libya før uroa starta der, fortel han, og dei sende mykje pengar tilbake til heimlandet.

No er også desse inntektene borte.

Turistane sviktar

Den tidlegare så blomstrande turistnæringa har gått på ein kraftig smell. Det nasjonale turistkontoret opplyser at talet på turistar har gått ned 39 prosent, medan innteninga har fått ned med 51 prosent.

3000 arbeidsplassar i turistnæringa har gått tapt hittil i år.

God plass på strendene i Djerba i Tunisia.

Det er god plass på strendene i Djerba i Tunisia.

Foto: Paul Schemm / Ap

Lurås fryktar at opprøret i dei to nabolanda kan ta retningar som ikkje var så tydelege for eit halvt år sidan, populistiske grupperingar med enkle løysingar på vanskelege problem. Og i Midtausten er dette ofte islamistiske grupperingar.

NUPI-rådgjevaren meiner både Tunisia og Egypt står framfor enormt mange urtfordringar, og at det er mange bitar som skal falle på plass for at utviklinga vidare skal gå bra.

Han har inntrykk av at utviklinga i Tunisia har gått betre enn i Egypt, men han tek atterhald om at det kan skuldast at det kjem mindre informasjon frå Tunisia enn frå nabolandet Egypt, fordi Egypt er eit så mykje viktigare land.

- Fryktar islamistar

Dei sekulære partia i Tunisia fryktar at islamistiane i partiet Enahda skal bruke tida fram til valet til å styrkje si stilling.

- Det er stor frykt knytt til Ennahda. Ingen trur på løftet deira om at dei står for demokrati og politisk pluralisme, seier analytikaren George Joffe ved Universitet i Cambrigde til nyheitsbyrået Reuters.

Leiar Rached Ghannouchi i det islamistiske partiet Ennahda.

Raached Ghannouchi er leiar for det islamistiske partiet Ennahda i Tunisia.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Ennahda er langt betre organisert enn dei andre partia. Dei har drive aktivt arbeid gjennom hemmelege kanalar under det som i realiteten var ein eittparti-stat under Ben Ali

- Sjølv om Ennahda og Den muslimske brorskapen ikkje stod i sentrum under protestane som førde til regimeskifte i Tunisia og Egypt, er det no ei viktig kraft i det politiske landskapen både i desse to landa og i andre land i området, seier Francois Burgat, Midtausten-ekspert som blant anna har skrive boka «Islam in the era of Al Qaida», til nyheitsbyrået AFP.

Kan få fleirtal

Han ser det ikkje som umogleg at dei islamistiske partia kan få fleirtal i parlamentsvalet i både Tunisia og Egypt, sjølv om islamistiane ikkje stiller med eigne presidentkandidatar.

Ein kvinneleg aktivist i islamistpartiet Ennahda.

Ein kvinneleg aktivist i islamistpartiet Ennahda i Tunisia.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Taktikken til dei to islamistiske partia er lik både i Tunisia og Egypt. Dei fleste ekspertar reknar med at islamistane vil søkje samarbeid med andre politiske grupperingar.

Professor John L. Esposito ved Georgetown-universitetet i Washington, forfattar av boka «The future of Islam», seier til AFP at islamistiane heilt sikkert vil gjere det betre enn dei andre partia ved vala både i Tunisia og Egypt, men at det ikkje betyr at dei vil kome i styringsposisjon åleine.

Arbeidsløysa i Tunisia er stigande, og den viktige turistindustrien har hatt ein kraftig tilbakegang etter revolusjonen. Politiet seier at dei også har hatt konfrontasjonar mot dei dei meiner er Al Qaida-støtta militante grupper nord i Tunisia.

Islamistar har også gått til angrep på ein kino fordi dei meinte av filmen som vart vist, var blasfemisk.

LES OGSÅ: Folket som tente håpet og gnisten

LES OGSÅ: – Alle sterke krefter vil se ham død

LES OGSÅ: Portforbud i Tunisia etter nye opprør

SISTE NYTT

Siste nytt