Hopp til innhold

Det symboltunge mafia-kysset

Ein arrestert mann kastar seg om halsen på ein mannleg slektning og gir han eit lidenskapeleg kyss på munnen. Kysset symboliserer ikkje kjærleik.

Video 76a55b0c-85cd-4f6a-94bc-261a304889dc.jpg

Sjå det hemmelege mafia-ritualet

Salvatore D'Amico vinkar til slektningane sine.

Salvatore D'Amico på veg inn i politibilen vinkar til slektningane sine.

Foto: EBU/Reuters TV

Vi er i den søritalienske storbyen Napoli, ein by der mafiaorganisasjonen La Camorra held si brutale hand over det meste som skjer. I dag gjekk politiet til aksjon mot eit fattig nabolag i byen, og 24 mistenkte mafia-medlemer vart pågripne.

Slike arresteasjonar er ikkje uvanlege, men videoen over viser eit rituale som sjeldan eller aldri har vore fotografert.

LES OGSÅ: Trur mafiaen står bak søppel-uro

LES OGSÅ: Mektige mafia-systrer arresterte

Kyss på munnen

På veg til politibilen kastar ein arrestert mann rundt halsen på ein mannleg slektning og gir han eit kyss midt på på munnen. Det er ikkje eit kyss som symboliserer kjærleik eller homoseksualitet, men det er meir snakk om ein lovnad. Dette er ein gammal tradisjon i Camorraen.

Når den pågripne kysser slektningen sin på denne måten, symboliserer det ein lovnad om at han skal halde kjeft. Men kysset er også eit signal om at den pågripne forventar at slektningen tek ansvar for familien hans medan han er i fengsel.

Ei eldre kvinne viser si forakt for politiet og fotografane.

Ei eldre kvinne viser si djupe forakt for politiet og fotografane.

Foto: EBU/Reuters TV

Først i denne videoen er det Salvatore D'Amico, som politiet trur er den lokale mafiabossen, som kysser ein ikkje namngitt slektning. D'Amico er blant anna mistenkt for narkotikahandel og utpressing.

LES OGSÅ: Min mafia er større enn din

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss tatt etter 14 år på rømmen

Symbol på forakt

Dette skjer medan andre slektningar hyttar nevane og kjem med hatske tilrop mot politiet og fotografane. For ingen likar at det blir teke bilete av mafia-kysset.

Ei eldre kvinne, som også tilhøyrer D'Amoto-klanen, reagerer med å true fotografane med ein kost. Deretter dreg ho opp kjolen og viser undertøyet, eit gammalt symbol på den djupaste forakt. Ein annan slektning prøver å skjerme henne for å bli fotografert.

På slutten av videoen ser vi ein av dei andre pågripne, som også kysser ein manngleg slektning på same måten som D'Amito.

La Camorra i Napoli er ei av dei mektigaste mafia-grupperingane i Italia, og har hovudsetet sitt i Napoli-området. Men organisasjonen er også tungt inne i det nordlege Italia, fleire andre europeiske land og USA og Canada.

LES OGSÅ: Mafiaen reddet Sinatras karriere

LES OGSÅ: Søppelet hoper seg opp i Napoli

LES OGSÅ: Mobiliserer hæren mot mafiaen

LES OGSÅ: Mafiaen overtar restaurantene

LES OGSÅ: Camorra-topp arrestert i Napoli

SISTE NYTT

Siste nytt