Hopp til innhold

Trur mafiaen står bak søppel-uro

Italiensk politi etterforskar no om mafiaorganisasjonen La Camorra er involvert i dei valdelege protestane mot opning av ei ny søppelfylling i Terzigno utanfor Napoli.

Ein utbrend søppelbil i Terzigno utanfor Napoli.

Demonstrantar har sett fyr på nok ein søppelbil i Terzigno utanfor Napoli.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Motstanden mot ei ny søppelfylling er stor i Terzigno.

Det er sterk motstand mot det nye søppelanlegget i Terzigno utanfor Napoli.

Foto: Salvatore Laporta / Ap

Styresmaktene vil sende søppelet frå Napoli, den tredje største byen i Italia, til den nye fyllinga like utanfor Terzigno, ein liten by ved foten av vulkanfjellet Vesuv. Det starta med fredelege demonstrasjonar for rundt ein månad sidan, men dei siste vekene har protestane blitt stadig meir prega av valdsbruk.

LES OGSÅ: Lover endringer etter fotballopptøyer

LES OGSÅ: Mobiliserer hæren mot mafiaen

Giftig avfall

Innbyggjarane protesterer mot søppelfyllinga på grunn av sterk lukt og frykt for dumping av miljøfarleg avfall. Demonstrantane har stansa søppelbilar på veg til fyllinga, og dei siste nettene har det gått bokstaveleg tala heitt føre seg.

Til saman åtte store søppelbilar er påtende av demonstrantane, og fleire andre køyretøy er også sette i brann under tumultane. Søndag gjekk element blant demonstrantane til angrep på to politibilar.

Ein politimann fekk augeskadar. Tre unge menn er pågripne, mistenkte for å ha stått bak angrepet på politibilane. Dei tre var væpna med jernstenger.

LES OGSÅ: Ny søppel-uro i Napoli

LES OGSÅ: Mektige mafia-systrer arresterte

Demonstrasjon mot søppelanlegg i Terzigno.

Demonstrantane fryktar både lukt og giftig røyk frå søppelanlegget.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Uroa den siste tida har fått innanriksminister Roberto Maroni til å krevje ein umiddelbar stans i valdsbruken blant demonstrantane. Hvis ikkje, seier han, vil politiet gå mykje tøffare til verks enn dei har gjort hittil.

LES OGSÅ: Ny søppelkrise i Napoli

Søppel-mafia

Det er ei kjend sak at La Camorra har meir enn ein finger med i spelet rundt søppelhandteringa i storbyen Napoli og området rundt. Mafiaorganisasjonen har fleire ulovlege søppelfyllingar i distriktet, og her tek dei hand om både vanleg hushaldningsavfall og ulovleg og giftig avfall.

Søppelet blir brent, og giftig røyk har blitt eit betydeleg miljøproblem. Mange meiner at det faktum at det er langt fleire tilfelle av ein del krefttyper i Napoli-området enn i resten av Italia, skuldast nettopp brenning av farleg avfall.

Ei kjelde i påtalemakta i Napoli seier til nyheitsbyrået Reuters at dei no etterforskar om Camorraen har delteke direkte i dei valdelege protestane mot det nye søppelhandteringsanlegget i Terzigno. Måten uroa er gjennomført på peikar mot organisert kriminalitet, seier kjelda.

Organisert kriminalitet i dette området er einsbetydande med La Camorra, ein av dei tre mektigaste mafiaorganisasjonane i Italia. Dei to andre store er Cosa Nostra på Sicilia og 'Ndrangheta på sørspissen av det italienske fastlandet.

Ein eldre mann ropar til forbikøyrande politibilar i Terzigno.

Både unge og eldre deltek i protestane i Terzigno.

Foto: ROBERTO SALOMONE / Afp