Hopp til innhold

Mobiliserer hæren mot mafiaen

Den italienske hæren skal vakte offentlege bygningar i byen Reggio Calabria i det sørlege Italia, etter at ein bazooka vart plassert like ved kontoret til sjefsaktoren i saker mot mafiaen.

Mafiaorganisasjonen'Ndrangheta blir stadig mektigare, trass i arrestasjonar.

Mange av leiarane i 'Ndrangheta er arresterte dei siste åra.

Foto: ADRIANA SAPONE / AP

ITALY-CRIME-MAFIA-ARREST

Bazooka-trusselen var retta direkte mot sjefsaktor Guiseppe Pignatone.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Bazooka er eit kraftig berbart våpen av typen reklylfrie panservernrakettkastarar. Utplasseringa av det farlege våpenet blir tolka som ein direkte trussel frå den mektige 'Ndrangheta-mafiaen mot sjefsaktor Guiseppe Pignatone.

LES OGSÅ: - Utsletta lokal 'Ndrangheta-klan

LES OGSÅ: Toppsjefen i 'Ndrangheta arrestert

Kontrollerer område

Prefekt Luigi Varatta, som er leiar for det lokale tryggingsrådet i Reggio Calabria, seier at det er viktig i denne situasjonen at staten viser at dei har kontroll. Dette fordi 'Ndrangheta-mafiaen utan tvil kontrolerer visse område i Calabria, legg han til.

Han reknar med at soldatane kan bli utplasserte i byen i løpet av få dagar.

Det var i går ettermiddag at ein anonym innringjar til antimafia-hovudkvarteret i Reggio Calabria sa at dei hadde plassert ei «overrasking» til Pignatone like ved hovudkvarteret.

Pignatone har også tidlegare blitt utsett for truslar, seinast 27. mai i år. Då fekk han eit brev som inneheldt tre kuler. Dette er ein vanleg måte for mafiaen å sende beskjedar til folk om at dei skal passe seg.

LES OGSÅ: Nonnekloster var narko-reir

LES OGSÅ: Mafiaen ville sikre frukt-monopol

Sabotasje og bomber

16. juni oppdaga sjåføren til ein annan aktor i mafiasaker, Salvatore Di Landro, at hjulboltane på tenestebilen var losna.

To månader seinare, 26. august, vart inngangsdøra i bygningen der Di lndro bur i sentrum av byen Reggio Calabria, sprengd i filler av ei bombe.

Dette skjedde etter ein fleire månader lang aksjon mot 'Ndrangheta-mafiaen, som har ført til at fleire av leiarane er arresterte.

Prefekt Luigi Varatta seier til det italienske nyheitsbyrået ANSA at det er tydelege teikn på at politiet sin suksess har ført til stor nervøsitet internt i organisasjonen.

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss pågrepet

LES OGSÅ: Kirken kastet mafiaen ut av påskeprosesjon

Mafiaen under press

- Den ekstraordinært gode jobben politiet og påtalemakta har uroa klanane i 'Ndrangheta. Mafiosoane er under sterkt press, og det gjer at dei reagerer på denne måten, seier Varatta.

*Ndrangheta har hovudmaktbasen sin i Calabria i Sør-Italia,heilt ved sørspissen av det italienske fastlandet. Organisasjonen var i mange år i skuggen av dei meir vidgjetne mafiaorganisasjonane Cosa Nostra på Sicilia og La Camorra i Napoli-området.

Dei siste åra har den calabriske mafiagruppa utvikla seg til å bli den mektigaste og meste brutale forbrytarorganisasjonen i Italia. Organisasjonen har skaffa seg sterkt fotfeste også i det nordlege Italia, og i land som Australia, Canada, Sveits, Tyskland og Spania.

LES OGSÅ: Senator går etter mafia-skuldingar

LES OGSÅ: - ETA finansierer terror med kokain

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.