Zhao Fei vart sett fri for over to veker sidan som følgje av mangel på etterforskingsdokument frpå Ungarn, ikkje som ein reaksjon på fredsprisen, opplyser norsk UD.
Kinesiske styresmakter har i ein epost til den nordiske politikoordinatoren i Beijing, ein dansk politimann, opplyst at Zhao Fei vart sett fri etter "normale prosedyrar".
Familien reagerer sterkt
Karoline Henriksen, som er bistandsadvokat for Pernille Marie Thronsen sin familie, reagerer sterkt på lauslatinga.
- Dette blir opplevd som ei enorm ekstra påkjenning for dei pårørande. No ber vi gjennom norsk presse kinesiske styresmakter om å sørgje for at han blir stilt til ansvar for det han har gjort, seier ho til NRK.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Zhao Fei rømde til Kina etter drapet, der han melde seg for politiet. Det er ikkje oppgitt nokon grunn for at han vart sett fri. Han kjem frå
, og familien skal ha fleire feriehus i Europa.Pernille Marie Thronsen og Zhao Fei var begge studentar i den ungarske hovudstaden. Ho vart funnen drepen på rommet som Zhao Fei leigde på Hostel Flora i Budapest 30. august i år.
Melde seg i Kina
Han reiste frå Ungarn med fly få timar etter drapet. Han melde seg for kinesisk politi, og er skal han også ha tilstått drapet på den norske jenta. Kinesiske styresmakter har tidlegare opplyst at han vil bli stilt for retten i Kina.
Kinesiske styresmakter gjorde det også klart at landet ikkje ville vere ein fristad for den drapsmistenkte 26-åringen.
17. september opplyste UD at dei hadde motteke ei skriftleg tleg stadfesting frå kinesiske styresmakter på at Zhao Fei var arrestert, og at han hadde tilstått drapet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: