Hopp til innhold

David Miliband vil ta over Labour

Tidlegare utanriksminister David Miliband seier at han er kandidat til å bli ny leiar for Labour.

David Miliband vil ta over som leiar i Labour

David Mililband vil ta over som leiar i Labour.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

Gordon Brown trekte seg både som statsminister og partileiar i Labour i går.

David Miliband blir rekna som ein av dei mest aktuelle til å ta over partileiarvervet, og dei fleste held han som storfavoritt.

Men det er fleire andre kandidatar, som broren, tidlegare miljøvernminister Ed Miliband og Ed Balls, tidlegare utdanningsminister.

- Eg er kandidat. Og eg er audmjuk i forhold til det ansvaret det er å ha eit slikt verv, men eg har også sterke kjensler for dei verdiane og dei sakene som gjorde at eg melde meg inn i Labour for 27 år sidan, sa han til journalistar i London i kveld.

David Miliband vart fødd 15. juli 1965 i London. Faren, Ralph Miliband, var ein kjend samfunnsteoretikar, sterkt influert av Karl Marx, skriv Wikipedia.

. David Miliband har vore kritisk til britisk deltaking i krigen i Irak, og det var mange som rekna med at han ville stille som motkandidat til Gordon Brown då Tony Blair gjekk av.

Den gongen trekte han kanditaturet sitt, og han gav offentleg støtte til Brown.

LES OGSÅ: - Gordon Brown går ikke av i kveld

LES OGSÅ: Labour: Positive samtaler med Liberaldemokratene

LES OGSÅ: Brown går av som partileder

LES OGSÅ: En siste gjennomgang før avgjørelsens time

LES OGSÅ: Labour-regjering med ny sjef?

SISTE NYTT

Siste nytt