Tillitsvalde seier til NRK at dei kjenner seg førde bak lyset av næringsminister Trond Giske, som fleire gonger har sagt at han skal få ned leiarlønningane i staten.
Rune Olsø er ny toppsjef i Entra Eigedom.
Foto: Mari Wedø / NRKRune Olsø er god ven og partifelle av Trond Giske i Arbeidarpartiet. Han er i god gang med jobben som toppsjef i Entra, og om kort tid vil ha signere lønnsavtalen sin.
LES OGSÅ:
Mindre enn forgjengaren
Han viser til styret på spørsmål om lønna si. NRK veit at han har fått eit tilbod frå styret. Grunnlønna skal vere på 3,1 millionar kroner i året, men både pensjonsavtalen og bonusavtalen er lågare enn det forgjengaren hans hadde.
Siri Hatlen er styreleiar i Entra Eigedom.
Foto: Heiko Junge / ScanpixLikevel vil han ende med ei årsløn på cirka fire millionar kroner, inkludert full bonus.
Styreleiar Siri Hatlen kunne ikkje stille til intervju i dag, men seier dette til NRK på spørsmål om dette ikkje er lønnsleiande.
«Avtalen som blir utarbeidet innebærer vesentlig lavere pensjonskostnader og halvering av maks bonus».
Sterke reaksjonar
I Arbeidarpartiet og LO er det sterke reaksjonar. Nokon nektar å tru at deira eiga regjering i mange år har roleg sett på at heilstatlege Entra var lønnsleiande.
Sinnet rettar seg først og fremst mot Trond Giske.
Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpixSinnet rettar seg mot Trond Giske, som lovde å stagge leiarlønnsgaloppen. Han har aldri gripe inn og hindra at Entra-sjefen har tent mellom fem og seks millionar kroner i året.
Ove Brandt i Oslo Ap er ein av dei som har reagert, og sinnet rettar seg først og fremst mot Trond Giske.
– Eg er forferda. Eg er opprørt og forbanna, og eg kjem til å gå vidare med dette internt i partiet, seier Ove Brandt til NRK.
Roy Pedersen i LO i Oslo reagerer sterkt på opplysningane, og også han seier han vil gå vidare med saka.