Hopp til innhold

Er redd for å bli erklært sjuk

Terrorsikta Anders Behring Breivik er redd for å bli erklært utilrekneleg i samtalane med sakkunnige.

Terrorsiktede Anders Behring Breivik

Terrorsikta Anders Behring Breivik ønskjer absolutt ikkje å bli erklært utilrekneleg.

Foto: Thomas Winje Øijord / Scanpix

To rettspsykiatriske sakkunnige skal vurdere om Anders Behring Breivik var psykisk tilrekneleg under terrorangrepet 22. juli.

Men sjølv skal ikkje Breivik ønskje å bli erklært utilrekneleg, sjølv om dette kan gi han ein lettare situasjon. Dette ifølgje kjelder Dagbladet har vore i kontakt med.

Vil framstå truverdig

Ifølgje strafflova vil ikkje Breivik kunne bli straffa dersom han har vore umedviten, vore i psykose eller ha ein psykisk utviklingshemming.

Han ser på seg sjølv som ein representant for ein europeisk motstandsrørsle, og er difor truleg interessert i å framstå som truverdig. Å bli erklært utilrekneleg vil sannsynlegvis svekkje dette inntrykket.

Få innrømmer sjukdom

Pål Grøndahl har vore rettssakkunnig i nær 100 rettssaker. Han meiner at dei færraste som er psykisk sjuke ønskjer å framstå som det.

– Dei som er «sjuke» og ønskjer å bli sett på som «friske», gjer det fordi dei rett og slett – feilaktig – ser på seg sjølv som fornuftige og psykisk sunne, seier Grøndahl til Dagbladet

Han seier at det finst mange eksemplar på at tiltalte prøver å lure dei sakkunnige.

AKTUELT NÅ