Hopp til innhold

- Brekk gjentek seg sjølv

Landbruksministeren lovar opprydning og betre dyrevelferd i pelsdyrnæringa etter nye sjokkbilete av mishandla dyr. – Ein farse og ein evig ringdans, seier veterinær og dyrevernsaktivist.

Video Brekk i oppvaskmøte

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) var måndag i oppvaskmøte med pelsdyrnæringa. Det skjedde eitt år etter at han sist var ute med peikefingen mot den same næringa.

Landbruksminister Lars Peder Brekk lovar bot og betring etter at NRK søndag viste bilete av skadelidande og vanskjøtta dyr filma av dyrevernsaktivistar på 39 norske pelsdyrfarmar.

– Verstingane må ut. Om ikkje farmane med uakseptabel drift skjerpar seg, vil fleire gardar verta tvangsavvikla, sa Brekk på ein pressekonferanse ettermøtet med pelsdyrnæringa i dag.

Men også i fjor gav statsråden næringa kniven på strupa og etterlyste ei kraftig opprydning.

– Ein farse

Etter eit møte med representantar for peldyrnæringa den 26.august i fjor sa Brekk:

– Eg vil gjera det klinkande klart for pelsdyroppdrettarane at dei ikkje kan fortsetja slik. Dei har kniven på strupa. Om dei ikkje greier å rydda opp, så står den politiske støtta til næringa for fall.

Video bb9d23dd-3e54-4631-9651-cdf5076bda17.jpg

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) gav pelsdyrnæringa kniven på strupa i 2009.

Veterinær og leiar av dyrevernsorganisasjonen NOAH, Siri Martinsen, er lei av at landbruksministeren gjentek seg sjølv år etter år.

– Dette er jo i ferd med å bli ein farse. Det er utruleg at Brekk skal få lov til å leggja andletet i faldar og koma med dei same lovnadene år etter år. Gong på gong vert det avdekt uakseptable forhold på norske pelsdyrfarmar, seier Martinsen.

– Brekk og Senterpartiet må trekkja seg frå sin posisjon som pelsdyrnæringa sin støttespelar når det no er openbart at dyrevelferd og pelsdyroppdrett ikkje kan sameinast, legg ho til.

– Feil med meir tilsyn

Siri Martinsen i NOAH.

Siri Martinsen i NOAH er lei av at landbruksministeren år etter år lovar bot og betring i pelsdyrnæringa (arkivfoto).

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Brekk sa måndag at han har tillit til at næringa tek seg sjølv kraftig i nakken. I tillegg har han bede Mattilsynet trappa opp gjennomføringa av uanmeldte tilsyn ved norske oppdrettsfarmar.

Også for eitt år sidan måtte Mattilsynet gjennomføra fleire nye inspeksjonar etter at det blei påvist fleire skadde og sjuke dyr på farmane dei hadde inspisert.

LES OGSÅ: Mattilsynet inspiserer pelsdyrfarmer

Meir tilsyn er heilt feil veg å gå ifølgje Martinsen i NOAH.

– Tilsyn kostar pengar. Me bør heller frigjera midlar til dyrevern som gjev resultat, i staden for å springa etter ei næring som uansett er bygd på heilt feil rammevilkår.

– Ikkje bra i bur

Pelsdyr i fangenskap mangler ben

Fleire pelsdyr mangla lemmer.

Foto: Nettverk for dyrs frihet/Dyrebeskyttelsen

NOAH-leiaren har heller inga tru på at ei ny, frivillig sertifiseringsordning vil kunne gjera det forsvarleg å driva med pelsdyroppdrett i Noreg.

– Dette handlar ikkje om rotne eple i korga. Det er heile korga som er róten.

Martinsen meiner dyr som rev og mink har eit behov for naturleg utfalding som dei aldri vil få innesperra i eit trongt bur.

Ho viser blant anna til rapporten om dyrevelferd i pelsdyrnæringa som vitskapskomiteen i EU gav ut i 2001. Rapporten slo blant anna fast at bur ikkje tilfredsstiller reven sine grunnleggjande behov:

«The report concludes that the typical fox cage does not provide for important needs of foxes».

Mediestorm og tilsyn i 2009

Rev i revefarm i Melhus, Sør-Trøndelag.

Rev i revefarm i Melhus, Sør-Trøndelag.

Foto: Karoline Orrestad Paulsen / NRK
Pelsdyr i fangenskap mangler ben

Fleire pelsdyr mangla lemmer.

Foto: Nettverk for dyrs frihet/Dyrebeskyttelsen

Seksjonsleiar Tor Olav Ås i Mattilsynet Østfold innrømte i september 2009 at fleire kontrollar var eit resultat av mediestormen.

Hausten 2009 gjennomførte Mattilsynet 30 inspeksjonar over ein 14 dagars periode. Det førte til to hastevedtak og 13 varsel om nye vedtak retta mot pelsdyrnæringa.

Som eit resultat av alle medieoppslaga og skrekkbileta rykte Brekk ut og åtvara næringa.

– Pelsdyrnæringa er framleis ikkje friskmeld. Næringa må rydda opp og syta for skikkeleg dyrevelferd. Dette må skje umiddelbart, Dei må tola eit kritisk blikk kvar einaste dag framover sa landbruksminister Lars Peder Brekk den 11. september 2009.

Dyrevernsaktivisten og veterinæren Martinsen meiner det no er politikarane som er nøkkelen til å bryta denne evige ringdansen.

– Folk flest vil ikkje ha pelsdyrnæringa i dette landet. No må dei høyra på opinionen, oppfordrar dyrevernsaktivisten og veterinæren Martinsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger