Hopp til innhold

43 timar i barnehagen kvar veke

Medan norske politikarar har diskutert sekstimarsdagen for vaksne, er gjennomsnittsdagen i barnehagen nå lenger enn åtte og ein halv time.

Barnehage

Monge born et tre måltid i barnehagen kvar dag.

Foto: Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

I fjor betalte norske foreldre for at borna skulle vera i barnehagen 42,8 timar i snitt.
Det syner tal frå Kunnskapsdepartementet. Det er seks timar lenger enn i 2003, og tre timar lenger enn vaksne har lov til å jobba i veka.

Men for mange familiar er lange opningstider i barnehagen ein føresetnad for å få kvardagen til å gå rundt.

Les også:

Nødvendig med lange dagar

– Kvardagen hadde ikkje gått opp utan, det seier ein far utanfor ei barnehage i Oslo. Klokka er 1645 og det er 15 minutt til barnehagen stengjer.

Og han er ikkje åleine. Fleirtalet av foreldra me møter seier at det er viktig for dei at barnehagen er open frå 7.30-17.00.

Nokon er glade for at dei kan vera fleksible med levering og henting, men for mange er familielivet avhengig av barnehagen.

– Viss ikkje barnehagen hadde vore open så lenge så hadde det vore uråd for oss å jobba begge to, seier ein annan far.

Negativ åtferd som 15-åringar

Tal frå Kunnskapsdepartementet syner at norske barn var 5,9 timar lenger i barnehagen i veka i 2009 enn dei var for for sju år sidan.

Og ifylgje Statistisk sentralbyrå har no 88,5 prosent av borna under 6 år barnehageplass. I 2003 var 69,1 prosent av borna i barnehage

Det finst lite norsk forsking på kva lange dagar i barnehagen gjer med borna, men går ein til USA er det forska mykje på dette feltet.

May Britt Drugli ved regionssenter for barn og unges psykiske helse ved NTNU i Trondheim har gått gjennom ein amerikansk studie som har fylgt born frå dei var nokre få månader gamle og byrja i barnehagen og til dei er 15 år.

I siste publikasjonen frå denne NICHD-studien i 2010 syner at born som var mange timar i barnehagen då dei var små har eit høgre nivå av negativ åtferd som 15-åringar enn andre.

Barnehage

Alt i alt syner forsking at det er bra for born å vera i barnehagar.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Urolege og trassige

Når det er undersøkt store grupper av ungar som har gått i barnehage, er det funna noko høgar nivå av åtferdsvanskar. Det er funne alt når borna er fire år gamle, det er funne gjennom skulen og no også når dei er 15, seier Drugli.

Dei er litt meir urolege, dei er trassigare, dei gjer fleire farlege ting utan å tenkja seg om enn andre, er litt meir impulsive og dei er litt vanskelegare å styra i klasserommet enn dei som ikkje har gått i barnehage så mange timar, seier Drugli.

– Men det er ikkje snakk om alvorlege åtferdsproblem, presiserer ho. Det er ikkje nokon saman heng mellom det og lange opphald i barnehage.

Må ta utviklinga på alvor

– Dersom me skal leggja den amerikanske forskinga til grunn er det klart at me skal vera merksame på faren dette kan gje for at menn også i Noreg kan finna mange born med eit høgare nivå av åtferdsvanskar og dei utfordringane det kan føra til.

Men Drugli vil ikkje svartmåla, for alt i alt syner forsking at det er bra for born å vera i barnehagar.

Ho seier at det er uomstridd at born som er i gode barnehagar har god språkutvikling, at dei er betre førebudde på å byrja på skulen og dei gjer det betre på skulen som gruppe enn born som ikkje har vore i barnehage.

– Så både kognitivt, sosialt og språkleg gjev barnehagane udiskutable fordelar for born, seier May Britt Drugli. Men det føreset at kvalitetet på barnehagen er god.

Andel i barnehage etter oppholdstid (i prosent)

Fylke

Over 33 t/uke

Under 32 t/uke

Over 33 t/uke

Under 32 t/uke

 

                      2001

                     2009

Østfold

61.5

38.5

89.8

10.2

Akershus

79.4

20.6

97.2

2.8

Oslo

89.0

11.0

97.4

2.6

Hedmark

53.2

46.8

83.9

16.1

Oppland

38.3

61.7

78.0

22.0

Buskerud

63.7

36.3

90.8

9.2

Vestfold

65.7

34.3

92.2

7.8

Telemark

53.3

46.7

86.2

13.8

Aust-Agder

47.1

52.9

81.5

18.5

Vest-Agder

42.9

57.1

78.0

22.0

Rogaland

57.2

42.8

90.1

9.9

Hordaland

62.7

37.3

93.1

6.9

Sogn og Fjordane

49.6

50.4

84.9

15.1

Møre og Romsdal

52.5

47.5

86.2

13.8

Sør-Trøndelag

62.6

37.4

90.5

9.5

Nord-Trøndelag

43.1

56.9

82.5

17.5

Nordland

66.6

33.4

89.7

10.3

Troms

74.4

25.6

93.4

6.6

Finnmark

79.7

20.3

93.4

6.6

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ