Hopp til innhold

Seier nei til å droppa frist på oppklaring av drap

Regjeringspartia sette torsdag kveld foten ned for forslaget om å fjerna foreldingsfristen i drapssaker. Skuffande og trist, seier ein av kriminologane som nyleg grov fram nye spor i den snart 25 år gamle og forelda Therese-saka.

Therese Johannessen

Håpet om å finna ut kva som skjedde med ni år gamle Therese Johannesen då ho forsvann frå Drammen den 3. juli 1988 svinn etter at forslaget om å skrota foreldingsfristen i drapssaker blei skrota av regjeringspartia torsdag.

Foto: HO / NTB scanpix

Per Asle Rustad, Helene Wirum og Nina Valen

Tre privatetterforskarar leverte i starten av juni frå seg ein rapport om Therese-forsvinninga som gav politiet nytt håp om å finna gjerningspersonen. Ettersom foreldingsfristen på 25 år i drapssaker no blir ståande, vil det likevel ikkje bli tid til ny etterforsking. Frå venstre: Per Asle Rustad, Helene Wirum og Nina Valen.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK
Per Sandberg

Leiar for Justiskomiteen Per Sandberg (Frp) fremja forslaget som torsdag kveld blei nedstemt av dei raudgrøne under ei votering på Stortinget.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX
Grete Faremo

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap) er for å fjerna foreldingsfristen, sjølv om ho torsdag røysta nei til eit slikt forslag.

Foto: NRK / Helge Carlsen

Frp-politikar Per Sandberg sitt forslag om å fjerna foreldingsfristen for drapssaker og dei alvorlegaste seksuelle overgrepa mot born med øyeblikkeleg verknad, blei nedstemt av regjeringspartia under voteringa på Stortinget torsdag kveld.

Både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV røysta imot, medan Høgre, Kristeleg Folkeparti Venstre og Framstegspartiet sa ja. Dermed fekk ikkje forslaget nok stemmer til å slå gjennom.

Det betyr først og framst at politiet må setja sluttstrek for etterforskinga i Therese-saka om to og ei halv veke, trass i nye spor.

Den 3. juli er det nemleg nøyaktig 25 år sidan ni år gamle Therese Johannessen forsvann frå Fjell i Drammen. Dermed blir saka stempla som forelda.

Privatetterforskar: – Veldig trist

– Det er jo veldig, veldig trist. Eg er skuffa, Me har lagt fram ny informasjon som sannsynleggjer at det er mogleg å ta ein gjerningsmann. Men med foreldingsfristen kan ikkje politiet etterforska desse nye spora, seier kriminolog Nina Valen.

Ho er ein av tre privatetterforskarar som i starten av juni la fram ein rapport som fekk politiet til å ta fatt på nye undersøkingar. Då hadde etterforskinga stått i stampe sidan Thomas Quick blei frifunnen for drapet på Therese Johannessen i 2011.

– Dette er trist også med omsyn til andre saker som snart blir forelda. Eg tenkjer på familiane til desse offera. Med dagens lovverk får gjerningsmannen gå fri dersom han melder seg etter at det har gått 25 år og éin dag, seier Valen.

Sandberg avviser behov for utgreiing

Den som fremja forslaget var leiaren i Justiskomiteen på Stortinget, Per Sandberg (Frp). Også han meiner det er trist at foreldingsfristen no blir ståande.

– Det er trist at systemet og formalitetane skal gå framfor eit samrøystes Storting. Det er jo eigentleg tverrpolitisk semje om å fjerna foreldingsfristen, men justisminister Grete Faremo vil ha fleire høyringar og utgreiingar før vedtak, seier Sandberg til NRK etter torsdagens nederlag.

Sandberg er sterkt kritisk til at Faremo og regjeringspartia krev fleire høyringar og utgreiingar før vedtak.

– Denne «systemelskinga» er det mange gamle, uløyste drapssaker som kjem til å li under, seier Sandberg, som også viser til Therese-saka for å understreka uheldige konsekvensar av dagens lovverk.

– Ikkje «systemelsking»

Statsråd Faremo er ikkje samd i Sandberg sin karakteristikk av henne.

– Det handlar ikkje om «systemelsking». Derimot handlar det om at nye lovforslag bør vera skikkeleg gjennomarbeidde for å sikra at lova blir god og fungerer etter føremålet, svarar Faremo i ein e-post til NRK.

– Eg er utolmodig når det kjem til å avskaffa foreldingsfristen for drap og dei alvorlegaste overgrepa mot born. Me arbeider med eit forslag om dette, og går no gjennom alle høyringsutsegna for å utforma ein ny lovtekst, legg justisministeren til.

For Therese-saka sin del er det likevel ikkje full stopp:

– Me har ikkje gitt oss med tanke på utanlandssporet. Forsvinningssaker er det ikkje foreldingsfrist på, seier kriminolog og privatetterforskar Nina Valen.

Politiadvokat Fridtjof Feyd sa nyleg til NRK at det såkalla utanlandssporet inneheld konkrete moglegheiter for å oppklara Therese-gåta.

AKTUELT NÅ