Hopp til innhold

Svart himmel, svart hav

- Det bør ikkje herske tvil om at debutanten Izzet Celasin har kvalifikasjonar for å skrive politiske romanar. 

Izzet Celasin er en av vinnerne i Gyldendal-konkurransen om beste politiske roman. Foto: C. Elgvin
Foto: Christian L Elgvin

Izzet Celasin kom frå Tyrkia til Noreg som politisk flyktning i 1988. Bak seg hadde han då erfaringar både frå politisk aktivisme og frå livet innanfor fengselsmurane. Debutanten Celasin er ein av vinnarane i Gyldendals konkurranse om den beste politiske romanen.

Izzet Naci Celasin: Svart himmel, svart hav. Gyldendal 2007

Izzet Celasin: Svart himmel, svart hav. Gyldendal 2007.

Foto: Gyldendal

Reaksjonane var ganske blanda då Gyldendal for ei tid tilbake skipa til ein konkurranse om kven som kunne skrive den beste politiske romanen. Somme meinte at alt var politisk og at konkurransen dermed var meiningslaus, andre påstod at forlaget lengta attende til 70-åras politiserte litteratur.

Tyrkiske turbulensar

No er den første av dei to vinnarromanane ute, og det er eit interessant val. Romanen startar faktisk i 70-åra, og handlinga er lagt til Istanbul, der politiske turbulensar førte til valdelege aksjonar frå både høgre- og venstresida. Boka er dermed politisk i den snevraste tyding av ordet, ettersom ho handlar om politisk kamp.

Interessant er det også at heile historia er lagt til Tyrkia. Det får meg til å tenkje på at den romanen som tidlegare i år blei kåra til Nordens beste samtidsroman, ja, den handla om norrøne gudar. ”Gudenes fall” heitte den. Ikkje eit vondt ord om verken Odin og Tor eller om Tyrkia eller 70-talet for den del, men desse kåringane seier truleg noko om ei viss vegring blant forfattarar mot å skrive opp mot såpass store omgrep som ”samtid”, ”politisk” og ”nordisk”.

Engasjerande

”Svart himmel, svart hav” er ei historie om å bli vaksen i ein så politisk tilspissa periode at du er nøydd til å ta stilling. Vår gymnasiast er elles ein sosial fyr, glad i godt lag, musikk og vakre jenter. Som farlaus arbeidarklassegut har han fått plass på ein internatskule i Istanbul.

1. mai 1977 går heile venegjengen mot byen for å gå i 1. mai-tog. Det er vår og han er ung og lykkeleg, - så smell det. Nokon skyt inn i folkemengda og panikk oppstår.

”Med mine siste krefter nådde jeg frem til en trygg plass ved Frihetsmonumentet og kastet meg ned idet jeg hørte de neste smellene.

*

”Vær mann og stå opp,” sa en rolig, men litt oppgitt stemme. Jeg kavet meg opp på beina og kom først i kontakt med øynene hennes. De var svarte og sinte. ”Kan du bruke en av disse?” spurte hun og veivet med en pistol og en revolver. Jeg ristet på hodet. ”Å, faen,” sukket hun, ”så hold på denne og sørg for ikke å miste den.” (s 18-19)

Jenta heiter Zuhal. Og denne Istanbuls svar på Nina Skåtøy tvingar den 18 år gamle hovudpersonen til å ta stilling til om han er for væpna motstand mot regimet, eit spørsmål som også får konsekvensar for kjærleikshistoria som startar ved Frihetsmonumentet 1. mai.

Kjærleik og kamp

Kampen og kjærleiken er dei to drivkreftene i romanen, som slett ikkje er så pompøs som desse to store orda kunne få ein til å tru. Tvert om er dette ei tilforlateleg historie der stort og smått er vevd saman: livet på internatet, mors kjøtbollar og ertande småsøsken vekslar med lengt etter den uoppnåelege revolverjenta og eigne fengselserfaringar. Miljøet er overtydande skildra både på gata og bak murane. Legg så til at språket er variert og presist, og konklusjonen er klar: debutant Celasin er ein verdig prisvinnar, sjølv om det er eit langt stykke frå norsk samtid til tyrkisk 70-tal.

 

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor