Anne Holt
Presidentens valg
Piratforlaget 2006
Av Marta Norheim
Det var ikkje utan ein viss skepsis eg opna «Presidentens valg». Rettnok har Holt tidlegare tatt livet av ein norsk statsminister inne på kontoret, men det er trass alt eit godt stykke derifrå og til å kidnappe ein amerikansk president frå eit hotellrom i Oslo. Men det går bra. Og no snakkar eg ikkje om kva som skjer med den bortførte presidenten, eg uttalar meg om sjølve boka.
Spenning på høgt nivå
For det første er ho spennande heile vegen, og det er det uomgjengelege kravet til ein spenningsroman. For det andre er denne spenninga knytta til mange ulike nivå. Det mest opplagte er: kva har skjedd med presidenten og kven står bak. Men så har du også spenninga som oppstår når Secret Service, FBI, Oslo-politiet og PST skal samarbeide. Her er det rivalisering og hemmeleghald på høgt nivå.
Min favoritt er Warren Scifford, som FBI har sendt over og som ser det som høgst irrelevant å samarbeide med norsk politi berre fordi dette tilfeldigvis skjedde i Noreg. Dette er stormaktsarroganse på høgt og elegant nivå, men det er også den desperate kampen mot å bli kasta ut av maktsfæren. Dessutan er det noko med Warren og kvinner. Og då er vi inne på eit tredje nivå, nemleg det personlege, der ikkje minst omsynet til barna står sentralt. For alle foreldre har eitt sårbart punkt og det er barnet, det gjeld anten ein jobbar i Secret Service eller i Nye Kripos, eller er president i USA. I periodar går det private vel tungt i retning det sentimentale, men ikkje verre enn at det er til å halde ut.
Så er det alltid nokon som lurer på om dette er truverdig. Oppfører FBI-folk seg slik? Er det normalt å kome unna med så pynta versjonar av sanninga som det vi ser på slutten? Har Abdallah al-Rahman i Riyad eit realistisk prosjekt? Er det vel mange tilfeldige samantreff her? Og finst sånne som Marry? Sanneleg om eg veit.
Mykje har eit "større enn livet"-format. Men det har jo ofte livet også, dessutan er det ein romanforfattars privileg å køyre godt på, når det berre fungerer, og det gjer det her.
Kulturnytt, NRK P2, 19. september 2006