Før helga kom meiningsmålinga som synte at Framstegspartiet no er
.Heile 34,5 prosent av dei spurte finnmarkingane seier dei vil røyste på Framstegspartiet. Dersom dette skulle realisere seg i røyster på valdagen, vil Frp ha dobla oppslutninga i det tidlegare knallraude fylket sidan stortingsvalet i 2005.
Les også:
Valforskar Marcus Buck ved Universitetet i Tromsø er ikkje i tvil om kva auken skuldast.
- Ei av dei viktigaste årsakene til at partiet scorar særleg høgt i Finnmark, er den underliggjande misnøya med det mange finnmarkingar ser som særrettar for samane, seier han.
Han syner til at Frp har hatt framgang i heile landet og at noko av auken også må sjåast som ei følgje av ein nasjonal trend.
- Partiet har jo rundt 30 prosents oppslutning i alle dei tre nordlegaste fylka. Men at dei gjer det særleg godt i Finnmark skuldast motstanden mot finnmarkslova og Finnmarkseiendommen.
- Frp er det einaste partiet som kritiserer desse instansane, seier Buck.
Les:
Sei di meining nedst i artikkelen.
Plaster på såret
Finnmarkslova frå 2005 gjev finnmarkingane sjølve eigedomsrett over land og vatn i fylket. Lova inneber også ei avklaring av staten sitt forhold til samisk kultur og rettsstilling, og vert av nokre kalla eit plaster på såret etter utbygginga av Altavassdraget på 80-talet.
Lova er utforma slik at ho gjev like rettar og høve for alle finnmarkingar, men inneheld også garantiar for at det skal takast omsyn til samiske interesser ved endringar som kan ha noko å seie for samisk kultur, reindrift og liknande.
Dette siste har vorte møtt med kritikk om at lova gjer skil på folk.
Les også:
Finnmarkslova tok til å gjelde 1. juli 2006. Selskapet Finnmarkseiendommen vart sett til å forvalte det som tidlegare heitte ”statens immatrikulerte grunn i Finnmark”.
Les:
Finnmarkseiendommen vert styrt at tre medlemmer valde av Finnmark fylkesting og tre medlemmer valde av Sametinget.
Les også:
Kritikarane ser dette som urettvist og meiner Sametinget - der berre eit mindretal av befolkninga i fylket har røysterett - burde hatt mindre grad av kontroll over forvaltinga av land og ressursar enn Fylkestinget, som representerer alle finnmarkingar.
Les også:
Neste steg var at det i tråd med lova vart oppretta ein kommisjon som skulle kartleggje eksisterande rettar til den grunnen Finnmarkseiendommen overtok. Finnmarkskommisjonen vart oppretta i mars 2008.
Finnmarkslova vart vedteken av eit breitt fleirtal på Stortinget, men misnøya på lokalt plan har vore tydeleg heilt frå starten av.
Og kritikarane har ikkje stilna med åra.
Les også:
- Kan jamførast med Sør-Afrika
Debattinnlegg i ulike lokalaviser dei siste åra syner eit ordskifte med svært krass tone.
I eit lesarinnlegg i Altaposten tidlegare i år vert misnøya forklart på følgjande vis:
Ein annan lesar i same avis støttar Frp sitt ønskje om å leggje ned Sametinget, som han meiner er eit pengeslukeri for staten.
- Men vel så viktig vil det jo vere å få fjerna Finnmarkseiendommen som ikkje er anna enn Sametingets forlenga arm, skriv lesaren.
- Som ”ferie” på Guantanamo
I eit debattinnlegg i Nordlys går ansvarleg redaktør i avisa Finnmarken så langt som å jamføre tilhøva i fylket med apartheid.
Den same redaktøren meiner Finnmarkseiendommen har vorte eit skjellsord i fylket. Det gav også Altaposten uttrykk for då avisa på leiarplass tidlegare i år omtala det å ha ein styreplass i Finnmarkseiendommen som ”like fristende som fire års ”ferie” på Guantanamo-basen”.
- Spent situasjon
- Situasjonen er svært spent, det er det ingen tvil om. Kor vidt det er grunnlag for skuldingane, er noko anna, seier valforskar Marcus Buck.
Les også:
Han seier det ikkje er gjort noko systematisk undersøking av mediedebatten i fylket, men veit at fleire som opp gjennom tidene har vore aktivistar på samisk side har vorte overraska over den harde tonen den siste tida.
- Med Frp har det vorte legitimt å uttrykkje offentleg at ein er heilt imot å gje desse rettane til samane, meiner Buck.
Frp vil avskaffe Sametinget slik det fungerer i dag og endre styringa av Finnmarkseiendommen, slik at denne får eit folkevalt preg.
Argumentet er å sikre likebehandling av etniske grupper.
I partiets samepolitiske program står det at Sametinget som politisk organ ikkje er i tråd med dei demokratiske prinsippa partiet vil fremje. Også når det gjeld retten til land og vatn går partiet mot alle formar for forskjellsbehandling basert på etnisk tilhøyre.
- Inga anna forklaring
Valforskar Hanne Marthe Narud ved Universitetet i Oslo forklarer framgangen til Frp med at partiet har snust seg fram til kvar skoen trykker i distrikta.
- Sjå på meiningsmålingane i Hedmark til dømes, der dei på lik line med Senterpartiet er imot rovdyr. Der har dei også stor framgang.
- Finnmark er Frp det einaste partiet som set fingeren på det såre punktet knytt til rettane til urbefolkningen. Det finst inga anna tydeleg forklaring på at Finnmark skulle skilje seg slik ut, seier ho.
- Konflikten må takast alvorleg
Påstandane frå Buck får også støtte frå andre. I helga skreiv Altaposten på leiarplass at det er «nærliggende å tro at Frp scorer «poeng» i sitt hardkjør mot Sametinget, finnmarksloven og det de mener er etnisk diskriminering».
Endå til statssekretær og stabsjef Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (Ap) ved Statsministerens kontor vedgår at dette kan vere tilfellet.
- Konflikten mellom Sametinget og kommunar i Finnmark i enkelte ressurssaker må takast alvorleg, seier han til avisa Nordland.
Les også: