I Kristiansand kommune vil nesten alle skular og barnehagar bli stengt frå onsdag morgon. Rundt 2500 tilsette i kommunen vil vere ute i streik.
Rundt 10 000 elevar og rundt 1500 elvar blir ramma. Enkelte barnehagar i Kristiansand vil ha reduserte opningstider.
4000 ute i streik
– Vi oppfordrar foreldra til å sjekke nettsidene til kommunen for å halde seg oppdatert, seier konstituert barnehagedirektør, Arild Rekve.
LES OGSÅ: Alle skular og barnehagar kan bli stengt
LES OGSÅ: 45 000 kommunetilsette i streik frå onsdag
Totalt i Agder vil rundt 4000 kommunetilsette vere ute i streik i morgon. Opptrappinga vil ramme kommunane hardt, ifølgje leiaren av Fagforbundet i Vest-Agder, Roy Gyberg. 1300 av deira medlemmer vil vere ute i streik onsdag.
– Dei fleste kommunale barnehagar reknar vi med blir stengde. Vi har ikkje full oversikt over dette endå. Men private barnehagar vil ikkje bli ramma av streiken, seier Gyberg.
Likebehandling
I Aust-Agder vil 650 medlemmer av Fagforbundet vere ute i streik. Dei fleste i Arendal, men også i Froland, Tvedestrand og Evje og Hornnes.
LES OGSÅ: Bakgrunn for streiken
LES OGSÅ: Ingen snarlig ende på streiken
– Det vil først og fremst vere barnehagar og ein del skular, som vert ramma. Ein god del barnehagar vil stengje og etterkvart vil det påverke skulane når reinhaldet stoppar opp, seier leiar av Fagforbundet i Aust-Agder, Bjarne Robstad til NRK.
Dei streikande er budde på at mange foreldre vil få problem når streiken vert trappa opp.
Blir din kommune berørt?
– Det er spådd det, men det er heilt opp til arbeidsgjevare om dei vil prøve å behandle kommunalt tilsette på linje med det staten har gjort. Dette gjeld likebehandling. Det er først og fremst ein kvinnekamp, og det er snakk om likebehandling, seier Robstad.
Er du usikker på korleis eller om din kommune vert berørt av streiken? Sjå oversikta over skular og barnehagar nederst i artikkelen, eller klikk deg inn på din kommune sin nettstad ved å velje kommune under.
Dersom du finn feil eller manglar i våre lister, ta kontakt på e-post: sorlandet@nrk.no.
Aust-Agder
♦ Arendal kommune
♦ Birkenes kommune
♦ Bygland kommune
♦ Bykle kommune
♦ Evje og Hornnes kommune
♦ Froland kommune
♦ Gjerstad kommune
♦ Grimstad kommune
♦ Iveland kommune
♦ Lillesand kommune
♦ Risør kommune
♦ Tvedestrand kommune
♦ Valle kommune
♦ Vegårshei kommune
♦ Åmli kommune
Vest-Agder
♦ Audnedal kommune
♦ Farsund kommune
♦ Flekkefjord kommune
♦ Hægebostad kommune
♦ Kristiansand kommune
♦ Kvinesdal kommune
♦ Lindesnes kommune
♦ Lyngdal kommune
♦ Mandal kommune
♦ Marnardal kommune
♦ Sirdal kommune
♦ Songdalen kommune
♦ Søgne kommune
♦ Vennesla kommune
♦ Åseral kommune
Vi gjer merksam på at lista nedanfor er alle skular og barnehagar, som blir ramma av streiken. Alle vert ikkje stengt.