Dei nye 2600 tilsette vil kun bli tekne ut i dersom streiken blant kommunetilsette held fram.
– Då vert barnehagar og skular stengt. Det vert endå mindre bemanning på sjukeheimar, heimesjukepleien, omsorgssentera og den slags, seier steikeleiar i UNIO i Kristiansand, Arnulf Andersen til NRK.
– Alle grunnskular og vidaregåande skular i Kristiansand vil bli stengt frå onsdag neste veke, seier han.
Opptrappinga vil merkast godt.
– Vi tek ut alle dei vi kan ta ut av sjukepleiarar, ergoterapeutar, førskulelærarar, lærarar som det er mogleg å ta ut - utan at det går utover liv eller helse, seier han.
– Vi tykkjer det er naudsynt å vise KS at vi viser alvor. Då er streikevåpenet det einaste våpenet vi har. Men det er ikkje kjekt at det går utover tredjeperson.
Totalt kan 4 000 arbeidstakarar på Sørlandet vere i streik frå onsdag. Totalt i Noreg kan over 30 000 vere i streik frå onsdag.
ALT OM STREIKEN PÅ SØRLANDET:
- Sjukehuspersonell beordra på jobb
- Barnehagetilbud tross streik
- Streik rammer sykehuset
- Få barnehager stenger helt
- 1400 tatt ut i streik
- 17 000 i streik i kommunesektoren