Hopp til innhold

Vil sende pasientane til Volda

For å sikre at pasientane i Nordfjord får det best moglege sjukehustilbodet vil 20 fastlegar i regionen sende folk til Volda.

Volda sjukehus

BESTE LØYSINGA: Dei 20 Nordfjordlegane meiner det beste for pasientane er å sende dei til Volda sjukehus.

Foto: Helse Sunnmøre

Pasienttilbodet ved Nordfjord sjukehus har blitt bygd betydeleg ned den siste tida. Det ortopediske tilbodet er til dømes allereie historie og fødetilbodet vil bli nedlagt om kort tid.

Allereie før desse nedleggingane vart endeleg bestemt gjekk mange ut og sa at dette ville føre til at fleire pasientar ville reise nordover til Volda for å få behandling, i staden for å reise til Førde. Det vart mellom anna vist til at nordfjordingane har kortare reisetid til Volda.

– Forringa tilbod

I eit ope brev skriv no 20 fastlegar i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn at dei heller vil sende pasientar til Volda, det skriv Sunnmørsposten på nett.

I brevet skriv legane at dei alltid har vore forkjemparar for sjukehuset på Nordfjordeid, og at nedleggingane av tilbod har skjedd trass i åtvaringar om følgjene det vil få for helsetilbodet til folket i regionen.

– Det finst ikkje nokon anna stad i Norge som tilnærmingsvis har fått forringa sjukehustilbodet slik som Nordfjordregionen, skriv dei i brevet som det blir referert til på smp.no.

Meiner Volda er den einaste rette løysinga

Legane skriv i brevet at dei 23 000 personane som bur på nordsida av Nordfjorden no må reise to timar lengre for å få den same hjelpa som dei tidlegare kunne fått i nærmiljøet sitt, ved Nordfjord sjukehus. Dei som fastlegar må sikre pasientane best mogleg sjukehustilbod, og då må dei handle deretter.

– Slik situasjonen no har vorte, er vi ikkje i tvil om dette best kan sikrast ved at Volda sjukehus vert det lokalsjukehuset vi sender pasientar som treng kirurgisk hjelp til (enten det er ortopedi eller blautdelskirurgi). Set vi omsynet til liv og helse øvst, vil ei slik løysing vere den einaste rette, skriv dei i brevet.

Dei 20 kommunelegane meiner også pengane Helse Førde sparar ved at ein del pasientar vert overførte til Volda, er pengar som må kome sjukehuset i Volda til gode.