Hopp til innhold

DAT skal halde fram i Florø

Utviklinga på Stavanger-ruta er så positiv at Danish Air Transport (DAT) vil halde fram flygingane frå Florø.

DAT-fly

HELD FRAM: DAT skal halde fram med sine flygingar mellom Florø og Stavanger, samt Skien og Stavanger.

Foto: DAT

Det stadfestar Jesper Rungholm overfor NRK.no. Avgjerda fall fredag ettermiddag.

I tillegg vil DAT halde fram på flyginga mellom Skien og Stavanger.

– Vi vurderte å sette flyet inn på andre oppdrag, men ruta frå Florø til Stavanger har så bra potensial at vi ynskjer at vi ynskjer å behalde ruta, seier han.

– Attraktiv rute

Det første flyet letta frå kystbyen til Stavanger letta 16. januar . Sidan vart det klart at Widerøe frå 1. april skal fly dei regionale rutene til og frå fylket sin oljehovudstad. Ifølgje DAT blir det frå 31. mars til 15. april påskeferie på dei to rutene.

– Vi ser veldig positivt at DAT held fram. Det tyder på at ruta er attraktiv. Vi har veldig mykje næringsrelatert trafikk til Stavanger og dette vil gi oss betre kommunikasjon sørover, seier varaordførar Jan Henrik Nygård (V).

Ser på inntening

Rungholm seier dei ikkje er opptekne av passasjertal, men inntening per flyging. Korleis utviklinga har vore ynskjer han ikkje å gå i detalj på.

– Vi har gjennom dei siste par månadene kunne konstatere ei positiv utvikling på desse rutene, seier han og trur det blir positivt med litt konkurranse på lufthamna i Florø.

Opptekne av tilbod

Når Widerøe igjen inntek kystbyen går løyvet på flygingar til Oslo og Bergen. Nygård seier det vil vere naturleg å ta opp flygingar nordover når flyselskapet kjem i gang.

– Vi er opptekne av tilbodet, så vi er glad for at begge opererer her. Så reknar vi med å sjå att konkurransen på prisane, legg varaordføraren til.