Hopp til innhold

DAT misser flyginga frå Florø

Flyselskapet Danish Air Transport, DAT, misser løyvet til å fly frå Florø til Oslo og Bergen. I staden er det konkurrenten Widerøe som tek over flyginga frå 1. april.

DAT-fly på Florø lufthamn

SLUTT: DAT misser frå 1. april flyginga mellom Florø og Oslo og Bergen. Dei kan derimot halde fram med den nyopna kommersielle ruta mellom kystbyen og Stavanger.

Foto: Birger Meland / NRK

Samferdsledepartementet offentleggjorde klokka 08 torsdag morgon kven som skal fly dei regionale rutene på kortbanenettet.

For Sogn og Fjordane sin del blir den største endringa at det i dei neste fire åra er Widerøe og ikkje DAT som skal stå for flygingane til og frå Florø.

Aukar kapasiteten mellom Førde og Oslo

Det var knytt stor spenning til offentleggjeringa av anbodskontraktane for regional ruteflyging i perioden frå 1. april 2012 til 31. mars til 2016. Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa er klar på at tildelinga vil sikre eit styrka flytilbod over heile landet, også for Sogn og Fjordane sin del.

– Passasjerane skal ha eit godt tilbod, og dette er noko som er viktig å ivareta. På landsplan aukar vi setekapasiteten, noko som betyr at vi svært mange plassar får eit betre tilbod, seier Kleppa.

I Sogn og Fjordane vil ein oppleve auka kapasitet på ruta Førde-Oslo. Her vil ein få ein ekstra avgang i tillegg til fleire seter på flya som trafikkerer strekninga. Samtidig er det klart at alle dei noverande flyrutene til og frå fylket frå halde fram.

Widerøe danka ut DAT

Men den kanskje største forandringa for flypassasjerane er at det er Widerøe som får einerett til flygingane til og frå Florø. Til no har det vore den danske selskapet Danish Air Transport som har hatt denne ruta.

Samferdsledepartementet har tildelt dei regionale ruteløyva basert på krav om tryggleik, setekapasitet og ikkje minst pris. Denne gongen var det altså Widerøe som hadde det beste tilbodet.

Det blir likevel DAT-fly å sjå på flyplassen i Florø. Tidlegare denne veka opna dei den kommersielle ruta mellom kystbyen og Stavanger, og denne vil dei framleis kunne halde fram.

– Vi måtte gjere ei grundig vurdering

DAT har tidlegare etterlyst svar på anbodsrundane som departementet no kjem med. Kleppa si forklaring på at det har teke tid er at dei måtte vere heilt sikre på avgjerda.

– Det å ta ei slik avgjerd tek nødvendigvis litt tid. Det skal gjerast grundig når vi skal vere sikre på å velje rett, seier Kleppa til NRK.no.

Slik skal Widerøe fly til og frå Sogn og Fjordane dei neste fire åra:

  • Florø-Bergen
  • Florø-Oslo
  • Førde-Oslo
  • Førde-Bergen
  • Sogndal-Oslo
  • Sogndal-Bergen
  • Sandane-Oslo
  • Sandane-Bergen