Hopp til innhold

Endeleg kunne sogndølene juble

Med god hjelp av Viking, sikra sogndølane tippeligaspel også i 2012. For sjølv om laget tapte borte mot Odd Grenland, kunne dei sleppe jubelen laus etter kampen.

Sogndal sikra tippeligaspel
Foto: Bårsd Siem

Sogndal måtte vente heilt til nest siste serierunde, før det vart klart at laget no kan sjå fram mot eit nytt år i tippeligaen. Sogndal låg under 1–0 borte mot Odd Grenland under store deler av kampen, samtidig som Start låg i føringa på Viking stadion nesten heilt til mål.

Men nokre minutt før slutt, kom gåvepakken til alle med hjarte i Sogndal. Viking reduserte og det vart klart at Start rykkjer ned i 1. divisjon.

Ellevill jubel etter kampslutt

Då det var klart at Sogndal no kan sjå fram mot ein ny sesong i tippeligaen, kunne både trenar Harald Aabrekk og spelarane sleppe jubelen laus.

Ny tippeligasesong

GLADE GUTAR: Thomas Ness og Vegard Gjermundstad kasta dei sveitte trøyene og jubla vilt i garderoben etter kampslutt

Foto: Bård Siem

– No er eg veldig letta, dette er noko av det største eg har opplevd som trenar, sa Aabrekk etter kampen. Tidleg i sesongen såg det mørkt ut for laget frå saftbygda, men ein god haustsesong berga kontrakten vidare.

Harald Aabrekk rosa spelarane for ein fantastisk innsats, som førte til at han no kan forlate trenarjobben med rak rygg.

Feiring på bussen heim

Spelarane fortsette feiringa i garderoben, og gav blaffen i at dei sjølve vart overkøyrde av Odd Grenland på bortebane søndag kveld. Klubben sine superveteranar Tore Andre Flo og Eirik Bakke smilte ekstra breitt.

Ny tippeligasesong for Sogndal

GLAD FLO: Tore Andre Flo gler seg over ny kontrakt i tippeligaen.

Foto: Bård Siem

– Dette var rett og slett stort og vere med på, sa stryningen etter kampen i Skien.

Flo kom tilbake til Sogndal tidlegare denne sesongen, og har bidrege til å løfte spelarane både i og utanfor bana. Flo blir også med vidare neste sesong.

Også Eirik Bakke var ein glad gut etter at det vart klart at klubben framleis skal vere i tippeligaen. Og han rosa både trenaren og dei unge spelarane.

– Harald Aabrekk er ein fantastisk trenar, som har stor del av æra for det som har skjedd, seier Bakke.

No skal vi feire på bussen heim, det spørst om det ikkje blir eit glas vin på turen, smiler sogndølen.

Sogndal avsluttar på heimebane mot Molde neste helg. Den kampen skal Sogndølene vinne, ifølgje dei sjølv.

Tippeligaspel i 2012

FEIRING I KVELD: Det blir høg stemning på bussen heim til Sogndal i kveld

Foto: Bård Siem