Hopp til innhold

Sjå Stad i flammande morgonlys

«Hurtigruten – minutt for minutt»har blitt ein stor suksess. I helga har 2,5 millionar TV-sjåarar sett programmet. Her kan du få eit gjensyn frå stadane i Sogn og Fjordane.

Video Hurtigruta LIVE!

VED STAD: Fotograf Torje Bjellaas filma Hurtigruta då den passerte Måløy og Stad på veg nordover i eit flammande morgonlys.

Den fem og eit halvt døgns lange maratonsendinga starta frå Bergen torsdag kveld.

I løpet av natt til fredag var båten innom Florø, før turen gjekk vidare til Måløy. På land stod NRK-fotograf Torje Bjellaas og filma MS Nord-Norge då den passerte forbi.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Her kan du sjå video frå hurtigruta sin tur i Sogn og Fjordane:

TV-sendinga frå verdas vakraste sjøreise har blitt ein stor suksess, med sjåartal ingen ville turt å drøyme om på førehand.

– Eg trur ikkje vi klarer å ta inn over oss korleis dette har slått an, seier NRK-sjef Rune Møklebust som er om bord i Hurtigruten til NRK.no.

Sendinga blir avslutta onsdag 22. juni klokka 09.45 morgon i Kirkenes.