Hopp til innhold

Ap provoserer med faktafeil

Arbeiderpartiet blir skulda for både villeiing og arroganse i Nordfjord etter sjukehus-vedtaket.

Jens Stoltenberg
Foto: Holm, Morten / Scanpix

- Det blir berre tull. Det er ein ordleik og å halde folk for narr, seier Venstre sin ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo.

Folk i Nordfjord har dei siste dagane gjentekne gonger fått kaffien i vrangstrupen når dei høyrer landets leiande politikarar uttale seg om geografien i regionen.

Regjeringa har vedteke å legge ned fødeavdelinga og ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus , i eitt intervju med NRK forrige veke sa Jens Stoltenberg at ny veg til Volda sjukehus vil gi kortare reisetid for befolkninga i Nordfjord. Også helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen har sagt det same.

Lenger for nesten alle

- Eg blir rett og slett både skuffa og sjokkert. Sanninga er veldig enkel: Av om lag 30.000 innbyggjarar i Nordfjord for om lag 1000 kortare reisetid, og 29.000 innbyggjarar får lenger reisetid, seier Bjørlo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Reisetid til sjukehuset

BJØRLO SITT KART OVER AVSTANDANE: Slik meiner han endringa i reisetid blir for nordfjordingane etter nedlegginga av fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus.

Foto: Inmedia

Vegvesenet sine oversikter over reisetider viser noko heilt anna enn det statsministeren seier. Dei viser at tre prosent vil få kortare reisetid til Volda enn til sjukehuset på Nordfjordeid. Resten vil få lengre reisetid.

- Heile Nordfjord har jobba i årevis. Alt som kan krype og gå av politikarar lokalt har engasjert seg. Det har reist ordførardelegasjonar inn til Oslo for å fortelje kor viktig fødeavdeling og sjukehus er, og så har ein ikkje ein gong nådd fram med å fortelje at det å legge ned sjukehuset gir lenger reisetid for 97 prosent av befolkninga i Nordfjord. Då er det eitt eller anna her som er fullstendig absurd, seier Bjørlo.

- Kom hit, Jens.

No krev fleire i Nordfjord at statsministeren kjem til distriktet for å gjere seg kjent med avstandane.

- Eg har ein ting å seie til "han Jens", og det er at han veit ikkje kva han snakkar om, seier Janne Endal Andersson. Ho vart i førre veke landskjend etter at Liv Signe Navarsete skulda ho for å ikkje vite kva ho snakka om - i svært hissige ordelag.

Video Liv Signe Navarsete blir sint

- Dette stadfestar at lokale politikarar frå Nordfjord ikkje når fram med bodskapen sin. Det fortel at veljarmassen i Nordfjord ikkje er stor nok til at "han Jens" let seg affisere av våre meiningar, seier Andersson.

Nytt møte med Strøm-Erichsen

Ordførar i Eid Sonja Edvardsen er også frustrert. I morgon reiser ho til Oslo for å møte helseministeren, eitt viktig tema der er nettopp regjeringsmedlemmer sin omgang med tal dei siste dagane.

- I tillegg til sjølve vedtaket skal vi diskutere grunnlaget for vedtaket. Vi opplever det vi høyrer frå sentrale personar i Oslo som veldig tynt, og ein del av det er faktisk feilaktig.

Ho seier at dei ved fleire høve har hatt møte med regjeringa for å prøve å forklare dei vegnettet i regionen, dermed blir skuffelsen ekstra stor når feilaktige opplysningar likevel blir presentert av både statsminister og også helseminister.

- Eg er utruleg skuffa over vedtaket og korleis dei har presentert det for innbyggjarane her. For det er ingen som forstår det, legg Edvardsen til.

AP: - Vi har lytta

- Vi har lytta og vi har hatt møte med lokale politikarar,
seier statsekretær i Helse- og omsorgsdepartmentet Tord Dale (Ap).

Jens Stoltenberg har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, men statssekretæren vil ikkje ta sjølvkritikk.

- Vi har sett oss inn i avstandsproblematikken og vi er klar over nokre også får lenger avstand. Nokre får omtrent same avstand som i dag og nokre vil også få kortare reiseveg, sjølv om det ikkje er den store delen av Nordfjord. Det viktigaste for oss har vore å sjå kva på det er som sikrar god kvalitet på fødetilbodet, seier Dale.

Men i Nordfjord er folk ikkje overtydd.

- Om ein har bomma på eit så grunnleggjande premiss så meiner eg det minste ein kan gjere er å få ein uavhengig gjennomgang av konsekvensane dette får for dei mange som får lenger reisetid, seier Bjørlo.