Hopp til innhold

Visste ikkje avstandane til Voss

Men la ned fødetilbodet i Lærdal likevel.

Styremøte i Helse Vest
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Eg tykkjer det er heilt absurd. Men me får merka oss at det er ei raudgrøn regjering som styrer, og ta konsekvensen av det ved neste val, seier ei kvinne på gata i Sogn.

- Torer ikkje å gje meg ut på det

Til store protestar frå innbyggarane i Sogn og Nordfjord bestemte styret i Helse Vest seg onsdag for å legge føde-og ortopeditilboa i Lærdal og Eid. Og protestane blir ikkje mindre når det i ettertid blir klart at styret ikkje hadde kjennskap til reiseavstandane for dei som no mister viktige sjukehustilbod.

Styremedlem Gunnar Berge seier under møtet at han ikkje veit avstanden, og søkjer bistand hjå styremedlem og Jølsterordførar, Gerd Dversdal, utan å bli klokare.

- Eg veit ikkje om eg torer å gje meg ut på det, seier Dvergsdal.

Uvitenheit førde til latterkule

Til slutt hausta Berge stor munterheit då han føreslo å ringe til sin gamle regjeringskollega Kjell Opseth.

- Eg skal heller ringja til Kjell Opseth i pausen, sa Berge medan resten av Helse Vest styret gjekk inn i ei latterkule.

I Sogn reagerer folk på det det som skjedde på styremøtet, men styreleiar Oddvar Nilsen meiner på si side at styret hadde opplysningane dei trengde.

- Det er heilt rett at det vart litt uoversiktleg i den fasen av møtet. Men desse reisetidene var oppgjeve i neste sak som kom, nemleg i Helse Førde sin rapport om fødetilbodet i Sogn og Fjordane, på side 17.

- Men det var altså ingen som visste reiseavstandane då vedtaket faktisk vart gjort?

- Jau, i neste sak som ligg, der står reisetidene i Sogn og Fjordane. Altså ikkje i den saka som me då behandla, men i neste sak.

Og skulle det vera noko tvil: Eit enkelt søk på Google Maps syner at det eksempelvis er 106 kilometer frå Lærdalsøyri til Voss, og 150 kilometer frå Øvre Årdal til Voss.

Lærdal-Voss

Eit søk på Google maps syner avstanden frå Lærdal til Voss

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK