Hopp til innhold

Vil fjerne straff for misbruk

SV sin nestleiar, Bård Vegar Solhjell frå Naustdal, vil fjerne straff for narkotikamisbruk.

Bård Vegar Solhjell

GJEV IKKJE EFFEKT: SV sin nestleiar, Bård Vegar Solhjell, meiner straff for avhengigheit av narkotika ikkje fungerer.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

- I vår iver ett erå seie nei til narkotika, har vi ofra dei narekomen, seier nestleiar Solhjell i SV til aftenposten.no .

250 døyr kvart år

Kvart år døyr rundt 250 menneske på grunn av narkotikamisbruk i Norge. Tal frå EU viser at Norge er på tredjeplass over talet på overdosedødsfall per innbyggjar.

Solhjell understrekar at han er imot narkotika, men seier at avvikling av straff og bøter er naudsynt av omsyn til dei narkomane.

- Det må til for å redde fleire liv og byggje opp verdigheita for det som er blitt den mest stigamatiserte gruppa i det norske samfunnet. Det viktige er å vedkjenne seg at straff for avhengigheit ikkje verkar, og at det må erstattast av hjelp og behandling, seier naustedølen til avisa.

Behandlingstilbod må på plass

Arne Johannesen, forhandlingsleder for Unio i staten

FRYKTAR: Arne Johannesen er redd for konsekvensane avkriminalisering kan få.

Foto: Johan B. Sættem

Han undestrekar at eit omfattande behandlingstilbod må vere på plass før avkriminaliseringa skjer. Han poengterre også at å avkriminalisere avhengigheit ikkje er det same som å legalisere bruken.

Styreleiear Arne Johannessen i rusparaplyorganisasjonen Actis fryktar at avkriminalisering vil føre til at fleire unge ikkje klarar å stå imot.

Mange er sprøytenarkomane

Norge har få unge brukarar av narkotika, men eit høgt tal brukarar som set heroin med sprøyte, ifølgje offisielle tal.

- Tilbodet til dei yngste misbrukarane må bli betre, men vi kan ikkje basere narkotikapolitikken på det som skjer på plata i Oslo, seier Johannessen.