Hopp til innhold

Kortare straffer i kokain-sak

Dei to norske kvinnene og den norsk-bolivianske bakmannen i kokainsaka i Bolivia har fått redusert straffene sine i ein ny, hemmeleg rettsrunde.

Norske kvinner tiltalt for narkosmugling i Boliva

Madelaine Rodriguez (t.v.) og Stina Brendemo Hagen har fåt redusert straffene sine.

Foto: Narkotikapolitiet i Bolivia

Forhandlingane vart avslutta for eit par dagar sidan, og dei to kvinnene, Madelaine Rodriguez (23) og Stina Brendemo Hagen (20) har fått redusert straffene sine med nesten tre år, melder VG.

Straffereduksjon

Dei var dømde til fengsel i 13 år og fire månader for forsøk på å smugle 22,4 kilo kokain frå Bolivia til Noreg. Dette vart endra til ti år og åtte månader i den nye rettsrunden.

LES OGSÅ: Kokaindømt nordmann fødte i fengsel

LES OGSÅ: Evo vil se til Madeleine og Stina

Cesar Augusto Toro Blacutt

Cesar Augusto Toro Blacutt har også fått redusert straffa si.

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

Straffa til den norsk-bolivianske bakmannen, Cesar Augusto Toro Blacutt, er redusert frå 20 år til 13 år.

Ankedomstolen som behandla saka fann ikkje grunnlag for at dei norske statsborgarane var med i eit organisert kriminelt nettverk.

- Det ser betre ut for meg. No er det ikkje lenge til eg kan kome ut herfrå, seier Madelaine Rodriguez til avisa. Ho fortel at ho reglane er slik at fordi ho jobbar i fengselet, kan ho blit sett fri etter å ha sona under halve straffa.

Men påtalemakta, som iutgangspunktet ville ha langt høgare straff for dei to enn dei fekk i den første rettsrunden, varsla i dag at dei vil anke dommen.

LES OGSÅ: Oppgitt og sliten etter to år i San Sebastian-fengselet i Cochabamba

LES OGSÅ: Madeleine og Stina har anket

Glad for avgjerda

Stina Brendemo Hagen ville ikkje kommentere straffereduksjonen. Den norske advokaten hennar, Frode Sulland. seier til NTB at familien hennar er glad for reduksjonen, og at det er lettare for dei å sjå føre seg at ho vil kome heim til Noreg i overskodeleg framtid.

Korkje Sulland eller advokaten til Madelaine Rodriguez, Helge Dietrichson, har vore involvert i denne ankesaka, men dei har fått orientering om saka under vegs.

Dei to kvinnene vart pågripne på flyplassen i Cochabamba i mai 2008 med 22,4 kilo kokain i bagasjen. Ei tredje kvinne rømde heim til Noreg i februar i år, før den første runden i retten.

LES OGSÅ: Kokaindømt sultestreiker i fengselet

LES OGSÅ: Dømt for kokainsmugling i Bolivia

LES OGSÅ: Funnet skyldig i Bolivia

SISTE NYTT

Siste nytt