Hopp til innhold

- Sjukehusa bør dele på oppgåvene

Professor vil ha behandlingstilbod for rus og psykiatri på Nordfjordeid, medan sjukehuset i Volda får fødeavdeling og akuttfunksjonar.

Nordfjord Sjukehus

Professor meiner Nordfjord sjukehus bør dele oppgåvene med sjukehuset i Volda.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sjukehusa i Volda og på Nordfjordeid bør ha omfattande arbeidsdeling, meiner professor i regional planlegging, Jørgen Amdam i Volda.

- Rus og psykiatri på Nordfjordeid

Han tenkjer seg at eitt av sjukehusa har fødeavdeling og akuttfunksjonar, medan det andre har hovudtyngd på rus og psykiatri.

- Eg synst det kan vere ei fornuftig arbeidsdeling. På den måten kan ein få til spesialisering og konsentrasjon. Men samstundes få sterke og gode miljø, sjølv om sjukehusa er i relativt små samfunn, seier Amdam.

Ser på omfattande prosessar saman

Både Helse Førde og Helse Sunnmøre er midt inne i omfattande strategiprosessar.

Sjukehusa på Nordfjordeid og i Volda ligg berre 45 minutt frå kvarandre, og om eit par år opnar Kvivsvegen mellom Volda og indre Nordfjord.

Difor har dei to helseføretaka bestemt seg for sjå på prosessane med felles auge.

LES OG; Helse Førde i samtale med Helse Sunnmøre

Konsulentselskapet Price Waterhouse Copers er innleigd, og skal innan byrjinga av mars kome med forslag om arbeidsfordeling mellom sjukehusa i Volda og på Nordfjordeid.

Spår auka tilstrøyming til Volda

Sjukehuset i Volda

Professor Jørgen Amdam meiner sjukehuset i Volda vil få fleire pasientar etter at Kvivsvegen opnar.

Foto: NRK

Amdam meiner Volda vil få langt fleire pasientar frå Nordfjord når Kvivsvegen er på plass.

- Vi ser jo allereie at det er merkbar tilstrøyming av folk frå ytre område, folk som tidlegare reiste til Ålesund. Det er fordelaktig å kunne reise utan ferje, samanlikna med ferje, forklarar Amdam.

Han meiner likevel at det ikkje nødvendigvis betyr slutten for eit sjukehus på Nordfjordeid.

- Det kjem an på kva type funksjonar dei har. Så vidt eg veit er dei ganske sterke fagleg sett på funksjonar knytt til rus og psykiatri. Noko vi kanskje ikkje er like gode på i Volda, seier Amdam.

- Vi er i dialog om deling

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde stadfestar at arbeidsdeling har vore tema under møte mellom Helse Førde og Helse Sunnmøre.

- Noko meir kan eg ikkje seie no. Det vil kome fram i dei strategiprosessane som vi er inne i, seier Øberg.