Hopp til innhold

Ras stenger vegar

Igjen er det vanskeleg  kome seg frå vest til aust.

Borlaugkrysset
Foto: Arne Eithun / NRK

Spesielt skaper eit nytt ras som gjekk i natt på Filefjell problem for trafikken mellom vestlandet og austlandet

- Raset gjekk mellom Borlaug og Maristova, så der er det stengt. Det er snakk om eit større skred og der må me ha inn folk når det lysnar, seier Kai Jonny Bugjerde ved Vegmeldingssentralen.

Strynefjellet er opna for fri ferdsel. Det same er riksveg 55 mellom Vadheim og Høyanger og fylkesveg 724 mellom Olden og Briksdal ved Gytri.

Følgjande vegar er no stengde:

- E 16 Filefjell. Stengt på grunn av ras.

- Rv 13 Vikafjellet. Stengt på grunn av oppryddingsarbeid. Blir ikkje opna i dag.

- Rv 50 Hol – Aurland. Stengt på grunn av fare for ras.

- Rv 53 Tyin - Årdal. Stengt på grunn av ras. Blir ikkje opna i dag.

- Rv 55 Dragsvik – Balestrand ved Esebotn. Stengt på grunn av fare for ras.

- Fv 182 Feios – Fresvik. Stengt på grunn av ras.

- Fv 337 Hafslo – Veitastrond. Stengt på grunn av ras.