Ambulansehelikoptera både i Tromsø, Ålesund og Brønnøysund har heiser som ikkje er i bruk.
– Ein kan lure på om det må ei alvorleg hending til før vi får lov å bruke heisen, seier seksjonsoverlege Kristen Rasmussen ved luftambulansen i Ålesund.
Må vere likt
Heisen vil gjere det lettare å hente pasienten, utan å måtte lande. Men det får dei altså ikkje.
Årsaka er kanskje litt uforståeleg:
Testing viser at det må fire personar til for å handtere heisen. I Tromsø og Brønnøysund har dei berre tre ombord i ambulansehelikoptera, og sjølv om det er fire ombord i Ålesund, får dei ikkje bruke heisen. Grunnen er at systemet må vere likt for alle.
– Det ville vere veldig kompliserande om vi skulle operere forskjellige helikopterbasar med forskjellige operasjonskonsept og forskjellig bemanning, seier Øyvind Juell, daglig leiar i Luftambulansetenestene.
Vil bruke heis
Seksjonsoverlege Kristen Rasmussen meiner det hadde vore betre om dei fekk bruke heis.
– Eg kan ikkje gje ei god logisk forklaring på kvifor vi ikkje får bruke den, anna enn at det er bestemt, seier han til NRK.
etter eit fall nedover fjellsida. Heisen hadde då vore veldig nyttig for ambulansepersonellet.
I staden venta ambulansehelikopteret til eit redningshelikopter kom til staden og berga kvinna.
– Det ville vore raskare og tryggare for både oss og pasientane om vi fekk bruke heisen, seier Kristen Rasmussen ved luftambulansen i Ålesund.