Hopp til innhold

Kvinne redda ut

Kvinna som vart redda ut etter eit fall ned i eit juv i Molladalen i Ørsta fredag kveld er stabil, men har fått brotskader.

Det opplyser AMK-sentralen ved Ålesund sjukehus kl. 19.47.

Dei karakteriserer skadeomfanget som moderat.

Kvinna vart frakta til sjukehus like før kl. 19 fredag kveld etter fallulykka.

Kvinna skal vere i midten av 20-åra.

To venninner var på fjelltur då den eine ramla ned i juvet. Den andre kvinna skal ha varsla om ulykka.

Politiet vil i løpet av fredag kveld snakke med kvinna som varsla om ulykka for å få vite meir om hendingsforløpet.

Krevjande redningsarbeid

Ambulansepersonell kom raskt til staden, men sleit lenge med å nå fram til den skadde kvinna fordi ho befann seg i svært ulendt terreng.

Omkom i fallulykke i Ørsta

Ulendt terreng

Fallulykka skal ha skjedd i svært bratt og ulendt terreng.

Molladalen er eit svært populært turområde på Sunnmøre. I byrjinga av juli omkom ein person som leia eit turlag på 10 personar ved Mohns topp.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Full utrykning

Redningshelikopter og klatrekyndige ved Sunnmøre Alpine Redningsgruppe rykte ut til Molladalen.

Kvinna vart redda ut på søraustsida av Storevatnet i Molladalen, opplyser hovudredningssentralen i Sør-Norge.