Rundt 1 milllion turistar kjem til Trollstigen kvart år, fleire av desse bør også til fjells, meiner reiselivssjef, Hilde Gråberg Bakke i Rauma.
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIXBesseggen blir besøkt av 30.000 i året, no vil reiselivsnæringa i Rauma ha minst like mange til Romsdalseggen.
Foto: Keilen, Berit / SCANPIX– Romsdalseggen er den største fjellopplevinga du kan få i Noreg, seier reiselivssjefen i Rauma, Hilde Gråberg Bakke til Nationen.
Testa
Den nye ruta mellom Åndalsnes sentrum og Venjedalen er blitt testa av rundt 1000 personar dei siste vekene.
Dei har vore begeistra over turen, og Gråberg Bakke trur difor det skal vere muleg å danke ut Besseggen - med sine 30.000 besøkande i året.
Ein million turistar køyrer kvart år Trollstigen, og reselivssjefen håper å lokke fleire av desse utpå egga.
– Vi vil ikkje stele turistar frå Besseggen. Dei to rutene utfyller kvarandre med unike fjellopplevingar i ulikt landskap, seier ho til Nasjonen.
Lett terreng
Reiselivsnæringa i Rauma har satsa mykje på å få til dette prosjektet.
Dei har fått 1 million kroner i støtte frå Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge, og har stor tru på at dette skal bli turen alle vil gå.
Romsdalseggen startar og endar i sentrum av Åndalsnes, og fotturistane får tilbud om skyss inn i området. Turen går på toppen av den kvasse egga heile vegen, og terrenget er lett.
Romsdalseggen blir no også innlemma i rutenettet til Den Norske Turistforening, og blir offisiellt lansert som DNT-turmål sommaren 2011.