Hopp til innhold

- Kan bli stengd i periodar

- Vindmølle-anlegget på Smøla kan verte tvinga til å stengje i periodar - etter knallhard kritikk i ein rapport frå ei forskargruppe sett ned av Bernkonvensjonen

Lederen i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken.
Foto: Herskedal, Kjell, Kjell Herskedal / SCANPIX

Det seier leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken.

Tjuefem havørner er drepne i kollisjon med rotorblada på Smøla

Rapporten konkluderer med at Noreg ikkje har teke godt nok omsyn til havørnbestanden - ved utbygginga av vindparken.

- Det kan godt vere at det vil føre til stenging i allefall i delar av året når havørnbestanden er ekstra sårbar, seier leiaren i Norges Naturvernforbund, Lars Haltebrekken.

- Ein heilt soleklar konsekvens må vere at det blir stilt strengare krav til vindjkraftutbygginga og forholdet til fugl framover, seier Haltbrekken.

- For tidleg

Det er for tidleg å seie om Noreg har brote internasjonale naturvernreglar i utbygginga av vindkraftverket på Smøla, seier direktør i direktoratet for naturforvaltning Janne Sollie.

Om Noreg har brote reglane, kan først verte klart i Bernkonvensjonen sitt møte i november, seier Sollie.

- Rapporten slik den ligg føre no er ganske krass. Men vi må vente å sjå til vi har fått fleire data på bordet, seier Sollie.

- Ingen store konsekvensar

Ordføreren i Smøla, Iver Nordseth(V), seier at vindkraftanlegget på Smøla ikkje får store konsekvensar for fuglelivet.

Nordseth meiner havørnbestanden i området er så god at den ikkje vil ramme fuglen.

- Smøla har ein av dei største og tettaste havørnbestandane i verden. Dei få ørnene som blir tatt her i vindparkanlegget årleg rokkar ikkje i det heile tatt ved det faktum at havørnbestanden er i stadig vekst på Smøla, seier Iver Nordseth.