Hopp til innhold

Fekk kritikk av lokalsjukehus-forkjempar - då var begeret fullt

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete møtte illsinte lokalsjukehusforkjemparar i Eid onsdag kveld. Då ho vart kritisert av ein av aksjonistane fekk Navarsete nok.

Video Liv Signe Navarsete blir sint

OPPRØRT: Liv Signe Navarsete vert tydeleg opprørt då ho ein lokalsjukehusforkjempar skuldar Senterpartiet for å svikte distrikta.

- Du veit ikkje kva du snakkar om, du veit ikkje kva du snakkar om, sa ei tydeleg opprørt og forarga Navarsete og la til:

- Det er eg som har vore i forhandlingar i lange dagar og lange netter i fleire timar lange telefonmøte.

Møtt av lokalsjukehusforkjemparar

Navarsete var på veg til eit lukka medlemsmøte med Sogn og Fjordane Senterparti i Eid onsdag kveld.

Før ho kom så langt møtte ho lokalsjukehusforkjemparar som er klare til kamp etter at fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus er vedteke nedlagt av Regjeringa.

Medan nokre var kritiske til Sp-leiaren, var det andre som ropte ut si støtte.

- Du må ikkje gje deg, var bodskapen frå nokon av dei frammøtte.

Kjenner seg trampa ned

Allereie onsdag morgon kom Navarsete med ei utblåsing mot sine regjeringskollegaer, der ho gav uttrykk for at ho kjende seg trampa på.

– Eg er overkøyrd og trampa ned i denne saka, og eg har sagt at eg kjem til å seie dette offentleg. Denne saka er ei hjartesak for meg, og sjølv om eg vanlegvis er lojal med det regjeringa har bestemt, må eg få sagt til folket i Sogn og Fjordane at eg i denne saka er totalt overkøyrd, seier Liv Signe Navarsete til NRK.

Også då Navarsete møtte lokalsjukehusforkjemparane på Eid tok ho til ordet og byrja fortelje om kor vanskeleg denne saka har vore for henne.

- Eg vil de skal vite at det er nokon som har kjempa for distrikta, byrja Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Janne Endal Andersson

UTSKJELT: Janne Endal Andersson fekk merke Navarsete sin vrede då ho skulda Sp for å svikte distrikta.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Skulda Navarsete for å svikte distrikta

Men fleire av lokalsjukehusforkjemparane var tydeleg usamde, og Janne Endal Andersson som har leia fleire aksjonar til fordel for lokalsjukehuset skulda då Senterpartileiaren for å ha svikta distriktet.

Endal Andersson hadde avtalt å møte Navarsete på førehand, men det ho hadde å seie vippa likevel Navarsete av pinnen.

- I denne saka har Senterpartiet stått for distriktsnedbygging, og det er kjempetrist, sa Endal Andersson til Navarsete.

Då fekk Navarsete nok

Dette var det som fekk begeret til å flyte over for den tydeleg pressa partileiaren.

Med samanbitne tenne let Navarsete lokalsjukehusforkjemparane få høyre at ho nekta å ta på seg skulda for at lokalsjukehuset mister fødetilbodet.

- Eg aksepterer rett og slett ikkje at du står her og seier dette om Senterpartiet. På denne saka har brukt dagar og netter, og så skal eg stå her å få kjeft? rasa Navarsete som ikkje tålte bli skulda for å ha svikta distrikta.

Navarsete har også tidlegare fått kritikk for sitt temperament. Mellom anna fekk både Øyvind Halleraker (H) og Borghild Tenden (V) høyre det i krasse ordelag frå Navarsete då ho som samferdsleminister fekk kritikk under Stortingets spørjetime hausten 2008 ifølgje VG.

- Eg vart ikkje provosert

Då NRK konfronterte Navarsete med utskjellinga i etterkant, sa ho dette i ein kommentar.

- Eg synst det er urettferdig at det er Senterpartiet som får kritikk for dette, vi har verkeleg kjempa i denne saka, sa Navarsete.

- Men du vart provosert?

- Nei, eg vart ikkje provosert, hevda Navarsete.

Navarsete seier mellom anna til Dagbladet, at ho beklagar dersom ho verka sint.

Sjølv seier lokalsjukehusforkjempar Janne Endal Andersson at utskjellinga er ein siger for saka.

- Desperat utblåsing

Etter utbrotet mot regjeringskollegaene på radio onsdag morgon, gjekk samfunnsredaktør i NRK, Kyrre Nakkim ut og meinte utbrotet var både uvanleg, ukollegialt og desperat av ministeren.