Hopp til innhold

Politiet må setje ned evalueringsutval etter bussdrapene

Politidirektoratet må levere rapport om politiaksjonen mot Valdresekspressen i Årdal innan 15. desember. Politiet må også evaluere den planlagde uttransporten av den drapssikta asylsøkjaren. Kravet kjem frå justisministeren.

Politibil holder vakt ved åstedet for drapene i Årdal

RAPPORT: Justis- og beredskapsministeren vil ha alle kort på bordet i samband med politiet si handtering av trippeldrapet i Årdal.

Foto: Oyvind Bye Skille / NRK

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) har tidlegare uttalt at han vil ha alle kort på bordet i samband med politiaksjonen mot Valdresekspressen 4. november. No har han bestilt evalueringsrapport frå Politidirektoratet, som må vere klar innan ein månad.

– Rapporten skal ta med mogelege lærings- og forbetringspunkt, seier Anundsen til NRK.no.

I NRKs Nyheitssenter får du fortløpande nyheitsoppdateringar

Må også evaluere den planlagde uttransporten

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp)

KREV EVALUERING: Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp)

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Politiet har fått kritikk for lang responstid i samband med trippeldrapet på Valdresekspressen, og om vegvalet til politipatruljen som var på vakt. Første patrulje kom fram til staden først ein time og elleve minutt etter at alarmen gjekk.

– Responstida framstår jo som veldig lang, eg må innrømme det, men vi må gå gjennom alt i saka før vi konkluderer, sa Anundsen til NRK dagen etter trippeldrapet.

Det var brannvesenet og ambulansepersonell som arresterte drapsmannen.

Politidirektoratet skal no setje ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom hendinga steg for steg.

– Rapporten skal omfatte både politidistriktet si handtering av sjølve hendinga, samt politiet si handsaming av den planlagde uttransporten, seier justisministeren.

Første utsending av asylsøkjar i Årdal skjedde same morgon som trippeldrapet skjedde, og etter planen skulle den drapssikta mannen sendast ut av landet dagen etter.

Må svare på korleis aksjonen vart leia

Dagen etter hendinga varsla politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, at politidistriktet kom til å gå gjennom handteringa av hendinga. Politidirektør Odd Reidar Humlegård har også gjort det klart at Politidirektoratet vil sjå på politidistriktets handtering av saka.

I tillegg til evalueringsrapporten som skal leverast om ein månad, må Politidirektoratet gje ei faktaskildring av hendinga. Dette må leggjast fram for justisministeren denne veka.

– Skildringa skal omfatte politiet si handtering av hendinga, medrekna korleis aksjonen vart leia, seier Anundsen.

Han seier han vil vente på Politidirektoratet sin rapport før det vert treft avgjerd om konkrete tiltak i etterkant av hendinga.

– Dette for å tryggje eit godt faktagrunnlag, slik at tiltaka vert så effektive som råd, seier justisministeren.

NRK var torsdag kveld i kontakt med Politidirektoratet. Dei seier dei enno ikkje er kjend kven som skal sitje i evalueringsutvalet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger