Hopp til innhold

Ari og Märtha i nytt NRK-intervju: – Trudde ikkje vi kunne få kvarandre

På eit tidspunkt var kritikken og sladderen så massiv og krass, at prinsesse Märtha Louise og Ari Behn trudde dei måtte setje kjærleiken på vent.

Hva folket og ikke minst pressen ville si om Ari Behn, var usikkert. Paret vurderte å holde forholdet hemmelig for å skåne kongefamilien. Men med kongeparets velsignelse tok de opp kampen.

VANSKELEG START: Dei trudde ikkje at dei kunne få kvarandre på grunn av kritikken mot dei. Men no er prinsesse Märtha Louise og Ari Behn lukkeleg gift og har tre barn.

- Vi opplevde at vi kanskje ikkje kunne vere saman, og at vi måtte vente, slik foreldra til Märtha gjorde, seier ein openhjertig Ari Behn i dag til NRK i programmet «Konge og Dronning i 25 år».

- Ja, men det klarte vi ikkje då, ler prinsesse Märtha Louise.

- Nei, det klarte vi ikkje, ler Behn tilbake.

Kalla svigerson frå helvete

Ari Behn sitt inntog i kongefamilien vart ikkje godt motteke. Fritenkaren, bohemen, kunstnaren, posøren Behn utfordra kongetru nordmenn. Og i debattens hete blei han også kalla svigersonen frå helvete.

- Det vart veldig alvorleg, og det var mykje som skjedde. Men det viktige var kva vi hadde saman, og fokuset mitt var alltid der, seier han.

- Kva utløyste tanken om at de kanskje måtte setje det på vent?

- Det vart ei ekstra belastning med vårt forhold i forhold til kronprinsparet. Og då var det betre at vi venta til det fekk roa seg, og så kunne vi heller ta opp tråden seinare. Vi var veldig innstilt på at no må det ta ti år, men slik vart det jo ikkje, heldigvis, seier prinsessa.

Møtte kongeparet før nokon visste

Behn meiner det var fleire overtramp som vart gjort i den mest turbulente perioden, og at han i ettertid meiner han burde sett foten ned.

- Men eg tenkte, det er slik, og det er ein del av det. Og vi har det så truleg fint saman, og så må det berre gå seg til. Det var den tryggleiken eg kjende på i den tida.

Behn trefte kongeparet nær to månader før nyhenda om kjærstane sprakk i media. Og det var viktig for han at dei fekk danne seg sitt eige bilete av han.

Behn dukka opp etter stormen rundt kronprinsesse Mette-Marit. Og tilliten til kongehuset dala endå meir. Kronprinsparet reiste til Skaugum for å fortelje om hennar fortid, for å unngå overraskingar.

- Det var veldig viktig for oss. At dei klarte å heve blikket, og bli kjende med Mette Marit på den måten dei gjorde og sjå ho som det menneske ho var då. Og så ta det andre etterpå, seier kronprins Haakon til NRK.

Det er kronprinsessa takksam for i dag.

- Det at dei har ein såpass open haldning til menneske i vanskelege livssituasjonar, trur eg kjem nok ein del frå at dei sjølve har opplevd veldig på kroppen korleis det er å vere utanfor, og ikkje bli aksepert på ein måte, seier kronprinsesse Mette-Marit.

AKTUELT NÅ