Fleire hundre meter inn i den nedlagde Runehamartunnelen ved Innfjorden i Rauma kryr det av brannmannskap med hjelmar og sløkkeutstyr. Ein personbil står i brann og då trengst det røykdykkarar.
Få har opplevd tunnelbrann
Idar Eidem, overbrannmeister ved Molde brannstasjon
Foto: Gunnar Sandvik / NRK-Det er svært få brannfolk som har opplevd ein reell tunnelbrann, og difor er dette viktig erfaring, seier Idar Eidem i Molde brannvesen.
I to dagar har det vore seminar om tunneltryggleik i Rauma. Seminaret er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Molde brannvesen. I tillegg til brannmannskap, deltek også politi og folk frå Statens Vegvesen frå alle delar av landet.
Berre tre testtunnelar i Europa
Dei praktiske øvingane føregår i den nedlagde Runehamartunnelen ved Veblungsnes i Rauma. Sidan 2003 har den 1,6 km lange tunnelen vore brukt som testtunnel og er ein av tre i Europa som er eigna til slik brannforsking.
Øving på tunnelbrann i Runehamartunnelen.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK- Vi er ein stor tunnelaktør, og treng å få prøve ut materiale og løysingar gjennom slike forsøk, seier Harald Buvik. Han er senioringeniør ved Vegdirektoratet i Molde, og var den som tok initiativet til å ta den gamle tunnelen i bruk.
Tryggare tunnelar
Senioringeniør Harald Buvik i Vegdirektoratet
Foto: Gunnar Sandvik/NRK- Takka vere slike omfattande branntestar har norske tunnelar vorte tryggare, meiner Buvik. Det meiner også overbrannmeister Eidem.
-Slike øvingar bidrar til at brannmannskap får ei aha-oppleving. Vi skal ha respekt for tunnelbrann, men det treng ikkje alltid vere så ille som vi trur, seier Eidem,
Ikkje kurs berre for leiinga
Seksjonsleder Ole Chr. Torgalsbøen i Statens vegvesen
Foto: Gunnar Sandvik/NRKSeminaret er ikkje eit kurs berre for sjefar, men for dei som skal ut og gjere jobben. Ole Christian Torgalsbøen i Statens vegvesen
seier at tidlegare var det berre politi og brannfolk på leiarnivå som vart kursa.
-Det er ikkje brannsjefen som skal inn i tunnelen og drive sløkkingsarbeid. No skal brannmannskapet få kunnskap og kompetansen dei treng, seier Torgalsbøen i Statens vegvesen
Testbrann av personbil i Runehamartunnelen
Foto: Molde Brann- og redningstjeneste