Hopp til innhold

Rasar det frå «Mannen» snart? Her kan du følge med direkte

Geologane har varsla at det vil kome eit ras frå «Mannen» i nær framtid. Følg utviklinga i fjellsida direkte på nettkameraet vårt.

Mannen i Romsdal

Her kan du sjå direkte frå foten av fjellet Mannen i Romsdalen. OBS: Vi er i ein testfase, så videostraumen kan vere ustabil.

Åknes Tafjord Beredskap IKS, som gjer målingane av fjellet i Romsdalen, melde i starten av oktober at det er ein reell sjanse for at eit fjellparti på mellom 10.000 og 40.000 kubikkmeter kan rase ut i løpet av kort tid.

Raset vil ikkje truge menneske, veg eller jernbane, meiner geologane, men vil likevel kunne opplevast som skremmande for folk.

Fjellsida er stadig i rørsle

Mannen som kan rase i Romsdal

Fjellsida på «Mannen» beveger seg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Siste døgnet har rørsla vore på 1,8 millimeter per døgn i øvste delen av området medan den nedste delen har rørt seg 0,7 millimeter per døgn i snitt siste døgnet. Det er den minste døgnrørsla som er målt sidan radarovervakinga starta, skriv vakthavande Geolog ved Åknes Tafjord Beredskap, Ingrid Skrede, i ein rapport i dag.

Det tørre og kalde vêret i det siste er truleg grunnen til at fjellet har rørt seg mindre dei siste dagane.

Totalt har fjellsida flytta seg 37,6 millimeter i det øvste området og 10,4 millimeter i det nedste sidan radarmålingane starta 6. oktober og fram til i dag, fredag 17. oktober.

Skjerpa overvaking

måleutstyr til å måle bevegelsane til Mannen i Romsdalen

Denne radaren overvakar rørslene i «Mannen» med millimeterpresisjon.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / Nrk

Dette dreier seg altså om eit mindre område av fjellsida og ikkje det store raset som er venta vil kome ein gong i framtida og som er bakgrunnen for Åknes Tafjord Beredskap si overvaking av fjellet.

No har overvakinga blitt skjerpa. Ein radar er montert ved Lyngheim i Romsdalen, rett nedanfor området som no beveger på seg, for å registrere rørslene i fjellsida meir nøyaktig. Geologane sjekkar også data frå «Mannen» hyppigare enn normalt.

Graf over bevegelse i fjellet Mannen i Romsdal

Denne grafen viser korleis fjellet har bevega seg i det siste.

Foto: ÅTB