Hopp til innhold

Vakna opp til brukt BH og truse ved jacuzzien

Jacuzzien er truleg øydelagd. Og ein BH og ei herretruse er funnen på staden. Huseigaren i Langevåg fortvilar og syns det er ekkelt at eit par har «kosa» seg i hagen hans.

Jacuzzi Hærverk

Kjenner du nokon med slik boxer og slik BH? Her var det familien Haugen fann etterlatenskapane etter at eit par hadde brukt jacuzzien til familien i natt.

Foto: Anja Haugen / Privat

Det var litt av eit syn som møtte huseigaren i Langevåg på Sunnmøre fredag morgon. Eit badelystent og truleg elskovssjukt par har hatt det travelt med å få både kos og vask nattetid. Så travelt har dei hatt det at det måtte skje i hagen til Tom Haugen på Villemhaugen i Langevåg.

– Det er rart at eg ikkje vakna av dette i natt. Dei må ha visst at dei gjorde noko ulovleg og har laga lite lyd. No må eg finne ut kor store skadane er, seier Tom Haugen til NRK.

Jacuzzi herverk

Dette er nok eit viktig spor i saka. Denne BH-en låg slengt like ved jacuzzien.

Foto: Anja Haugen / Privat

Ute i hagen har Haugen ein jacuzzi i ei hagestove. Dette hadde han bygt for privat hygge og kos. I løpet av natta var det heile gjort om til noko som var så utriveleg at han valde å ta kontakt med politiet. Ein BH og ei herretruse fortalde sitt tydelege språk om kva som hadde gått føre seg.

Herretrusa, eller boxershortsen, ser ut til å vere av typen «Bjørn Borg».

Laster Twitter-innhold

– Eg ser no litt humoren i dette. Men dette er ein privat ting, og det er ekkelt å tenkje på at nokon har teke seg til rette. Dette er barndomsheimen min, og eg har aldri opplevd noko slikt her tidlegare, seier huseigar Tom Haugen.

Jacuzzi hærverk

Loket var rive av og var øydelagt då eigaren kom ut i utestova fredag morgon.

Foto: Aina Haugen / Privat

Tom Haugen trudde nesten ikkje sine eigne auge då han kom til hagestova med jacuzzien fredag morgon.

– BH og herretrusa hadde dei slengt frå seg på utsida av jacuzzien. Verre var det at loket på jacuzzien var rive laust og var øydelagt. Dei har nok gått berrføtt i mold i hagen, for her er tilgrisa og vatnet er grumsete. Dette kan bli dyrt om dysene og pumpesystemet er øydelagt, seier Haugen.

Her på bloggen «Anjas skatter» kan du også lese korleis familien reagerte.

Jacuzzi herverk

Vatnet var blitt svært grumsete etter aktivitetane i natt. Truleg hadde paret gått berrføtte i graset og har teke med seg mold frå hagen.

Foto: Anja Haugen / Privat

BH-en og herretrusa tyder på at det er eit par som har kosa seg i jacuzzien nattetid. Og dei har ikkje vore nøgde med å kose seg i vatnet. I Langevåg var det ned mot 1-2 grader natt til fredag. Og etter kvart har paret søkt varmen i ein av bilane som sto på eigedomen til Tom Haugen.

Seta er våte. Så dei har gått frå jacuzzien og inn i bilen på eitt eller anna tidspunkt. Men det raraste er at dei til og med har teke med seg serviceheftet og vognkortet. Det er nesten ikkje til å forstå, skrattar Haugen.

Jacuzzi hærverk

SÅ koseleg KAN det vere i utestova til familien i Langevåg. Men for familien var det ikkje særleg koseleg å sjå korleis det hadde blitt i løpet av natta.

Foto: Aina Haugen / Privat