Hopp til innhold

Woody Allen filmar Miley Cyrus

Woody Allen skal lage tv-serie for strøymetenesta til Amazon med artisten Miley Cyrus i hovudrolla.

Miley Cyrus

Miley Cyrus har dei siste åra satsa på artistkarrieren. No skal ho spele i Woody Allen sin første tv-serie.

Foto: Owen Sweeney / Ap

Woddy Allen på filmpremiere

Amazon har fått med seg Woody Allen på laget for å lage tv-serie.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

For første gong skal Woody Allen lage tv-serie for ei strøymeteneste. Serien han skal lage for Amazon har førebels ikkje noko namn, men skal gå føre seg på 60-talet, skriv Hollywood Dateline.

Allen har skrive manus, og skal i tillegg ha regi og spele i serien, som blir på seks halvtime lange episodar. Med seg på laget får han artisten Miley Cyrus og Elaine May, som også spelte i Allen-filmen «Småkjeltringer» frå 2000.

Kontroversiell

Cyrus slo igjennom som barneskodespelar med hovudrolla i Disney-serien «Hannah Montana». I tillegg har ho spelt i filmar som «The Last Song» og «LOL». I fjor spelte hos eg sjølv i filmane «A Very Murray Christmas» og «The Night Before». Dei siste åra har ho brukt mest tid på artistkarrieren, og har fått mykje merksemd for kontroversielle framføringar og lettkledde musikkvideoar.

Cyrus slapp nyheita om at ho skulle vere med i tv-serien til Allen med eit bilde på Instagram som viser eit portrett av Allen, som ho skriv ho har hatt over senga si i fleire år.

Angra på avtalen

Jeff Bezos

Amazon-grunnleggar Jeff Bezos vil ta opp kampen med Netflix.

Foto: HANDOUT / Reuters

Amazon har dei siste åra gått frå å vere ein nettbutikk til å bli ein stor digital tilbydar. Dei har blant anna etablert ein videoteneste som har som mål å ta kampen opp mot Netflix i videostrøymemarknaden.

Woody Allen har over 40 kinofilmar på samvitet, men har aldri laga tv-seriar tidlegare. Men i fjor annonserte Amazon at dei hadde inngått ein avtale med Allen om å lage ein tv-serie. Men då Allen møtte pressa i Cannes i mai, sa han at han angra på avtalen.

– Det var ein katastrofal feil eg gjorde. Eg veit ikkje ein gong kva ein strøymeteneste er. Eg hadde aldri høyrt om Amazon.

Allen seier dei heldt fram med å mase og gjere avtalen stadig betre. Til slutt sa Amazon at dei ville gjere alt Allen bad dei om så lenge han laga seks halvtimar til dei.

Filminga av serien startar i mars, og skal etter planen ha premiere seinare i år.

Irrational Man, Woody Allen

'Irrational Man' med Joaquin Phoenix og Emma Stone er den førebels siste kinofilmen til Woody Allen.

Foto: Sabrina Lantos, Sabrina Lantos

Kulturstrøm

  • Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» av medisinske årsaker

    Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» før lørdagens konkurranse.

    Det er vonde tær som gjør utslaget, melder TV 2. Nærmere bestemt en stor betennelse i to tær som har vart i to år.

    – Jeg trosset legen i to uker, gikk på parketten med sterke smertestillende, bedøvelsessprøyter og kortison. Det har vært en lege som har sagt at jeg ikke skal danse, men jeg trosset ham i to uker. Nå sa han: «Nok er nok, nå går det ikke lenger. Det er uforsvarlig at du fortsetter», sier Bakke.

    Han er «skikkelig lei seg» over å måtte trekke seg fra «Skal vi danse», som han drømte om å være med på i ti år.

  •  Regjeringa føreslår å auke kulturbudsjettet med 1,2 milliardar kroner

    Regjeringa føreslår å auke kulturbudsjettet med 1,2 milliardar kroner frå 2025, til 27 milliardar kroner.

    Kulturminister Lubna Jaffery meiner det er viktig med meir kunst og kultur i ein utrygg tid, der ein i mange andre land ser autoritære krefter på frammarsj.

    – Vi meiner det er viktigare enn nokon gong å legge til rette for eit ope ordskifte, kunstnarisk friheit, frivilligheit og inkluderande fellesskap både i kulturen og idretten, seier kultur- og likestillingsministeren.

    Dans, musikk- og scenekunstinstitusjonar, museum, frivilligheit, ytringsfridom og utvikling av KI er nokre av felta regjeringa har valt å prioritere.

    Lubna Jaffery med langt svart hår
    Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.