Hopp til innhold

Facebook tapte ein milliard etter børsdebut

Facebook har hatt ein tøff debut på børsen. Selskapet hadde eit nettotap på 157 millionar dollar i andre kvartal, snaue 50 øre per aksje.

FACEBOOK-EARNINGS/ Facebook logo is seen on a screen inside at the Nasdaq Marketsite in New York

Facebook gjekk på børs med eit smell 18. mai i år. Sidan har det berre gått nedover. Torsdag la selskapet fram det første kvartalsrekneskapet etter børsnoteringa i mai.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Facebook Zuckerbergs Birthday Mark Zuckerberg

Facebook-grunnleggar Mark Zuckerberg.

Foto: Paul Sakuma / Ap/ NTB Scanpix

I dag la det største sosiale nettverksselskapet i verda, Facebook, fram dei første tala sidan det vart børsnotert i mai i år.

Selskapet rapporterer om eit tap på 157 millionar dollar, eller om lag 945 millionar norske kroner i andre kvartal, etter å ha skaffa seg inntekter på 240 millionar dollar.

Trass i at tala ikkje er overraskande, fell aksjen med nesten ti prosent i den elektroniske etterhandelen.

Besøkstala i vêret

Selskapet håva inn 992 millionar dollar i annonseinntekter og 192 millionar i andre inntekter - også i tråd med forventningane. Det svarar til ein inntekstvekst på 32 prosent.

Likevel sit selskapet igjen med eit underskot, fordi utgiftene veks i eit langt raskare tempo enn inntektene.

Men når det gjeld brukarar av nettsamfunnet, peikar tala i positiv retning. Minst 955 millionar var innom minst kvar månad. 553 millionar besøkte Facebook dagleg. Det er ein vekst på ca. 30 prosent frå same periode i fjor.

Mobiltala har Mark Zuckerberg enda større grunn til å jubla over. Facebook hadde der ein auke på 67 prosent aktive brukarar frå 2011 til 2012.

Trøblete børs-start

Forventningane har vore skyhøge for Facebook, som før børsdebuten vart anslått til ein verdi på opp mot 560 milliardar kroner. Det fekk mange analytikarar til å reagera.

– Dette kan bli ei boble, åtvara Tor W. Andreassen, professor i marknadsføring ved BI, i februar i år.

Les meir: «Styr unna Facebook-aksjen»

Likevel kunne Facebook-grunnleggar Mark Zuckerberg spretta champagnen 18. mai i år, då selskapet vart børsnotert.

I løpet av det første halve minuttet vart heile 82 millionar aksjar selde for 42,05 dollar aksjen, noko som gav Facebook beste børsnotering blant IT-selskapa gjennom tidene.

Les meir: Børsfesten i gang for Facebook

Etter det har det gått nedover med selskapet. Facebook har fått ei rekke søksmål retta mot seg, mellom anna for å ha å kutta inntektsprognosane for å blåsa opp prisen på aksjane.

Facebook har dessutan hatt problem med å få inntekter frå dei som bruker tenesta på mobiltelefon.

Les meir: Spår Facebooks død innen 2020

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)