Hopp til innhold

Spyttar inn pengar for å få «Pornopung» til filmen

For første gong blir ein norsk spelefilm delfinansiert av publikum. Betalar du nok kan du ende opp som produsent for «Pornopung».

For første gang har en norsk spillefilm finansiert av publikum.

Publikum finansierte «Pornopung»-innspilling

Etter å ha søkt om støtte i tre år bestemte regissør Johan Kaos seg for å blåse i å få pengar frå Norsk Filminstitutt. Saman med produsent Ravn Wikhaug gjekk han rett til publikum for å be om pengar.

Og det viste seg å vere mange som ønskte å sjå boksuksessen «Pornopung» omgjort til film. Såkalla publikumsfinansiering betyr at kven som helst kan betale litt av det filmen kostar å produsere.

300.000 frå publikum

Produsent

Ravn Wikhaug er produsent for 'Pornopung'.

Foto: NRK

– Publikumsfinansieringa vil vere veldig sentral. Dette er eit budsjett som er ganske stramt uansett, og dei siste 300.000 kronene som publikum kjem med er heilt essensielle, seier produsent Ravn Wikhaug.

Mesteparten av desse pengane skal bli brukt til etterarbeid med filmen.

Trass mange avslag frå filminstituttet er filmen no under innspeling i ein feststemt Frogner-villa. «Pornopung» blir den første norske filmen som tar i bruk publikumsfinansiering og handlar om tre livsnytande, jentegalne gutar i eit kollektiv.

LES: «Crowd funding» på internett tar av

Kronerulling, eller «crowdfunding» som det heiter på engelsk, har blitt eit verdsfenomen. Eit av dei første prosjekta kom i 1997, då fansen til metalbandet Marillion samla inn 60.000 dollar til bandet. ArtistShare dukka opp på starten av 2000-talet som den første nettstaden for publikumsfinansiering, og i dag fins det mange slike nettstadar, blant anna norske NewJelly.

– Det var Ravn, produsenten, som sa det så fint, at vi er for unge og naive til å vente, seier Ole Christoffer Ertvåg, som spelar hovedpersonen Christian.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pornopung

'Pornopung'-innspelinga er i full gang.

Foto: NRK

Får ikkje ta ut overskot

Dersom du spyttar inn pengar får du din bit av filmen på DVD, du kan vere med på interne tilstelningar, bli statist og hamne på rulleteksten. For 250 kroner blir eitt sekund av filmen dedikert deg. Men du får ikkje pengar igjen om filmen går godt på kino.

– Du kjøper eit gode og er medverkande til finansieringa, så du kan få til dømes ein DVD, eit manus eller ein festpremiere, seier Wikhaug.

Beløpa varierer frå 100 kroner til 5000 kroner. Betalar du topp-prisen får du ein ekstragevinst – du blir kreditert som assosiert produsent.

Kronerulling-film

Camilla Jerven Glaister har støtta filmen med så mange pengar at ho har fått tittelen assosiert produsent.

Foto: NRK

LES: Fansen delbetaler hans neste film

Makt over kinoprogrammet

Camilla Jerven Glaister er ein av dei som har latt seg freista av dette.

– Eg har lyst til å støtte opp under unge, friske, inspirerte menneske, seier ho.

For mange er det moglegheita til å påverke kva filmar som blir laga, og dermed kjem på norske kinoar, som er inspirerande.

LES OGSÅ: Aksel Hennie blir nordsjødykkar

– Eg bestemmer litt kva som skal ut på marknaden og får lov til å delta, og det er det viktigaste. Eg får meir kontroll, meiner Anna Alekseeva, statist og publikumsinvestor.

«Pornopung», skrive av forfattar Mads Larsen, skapte mykje debatt då den kom ut i 2003, mykje på grunn av hovedpersonens utsvevande sexliv.

Totalbudsjettet er på 8.2 millionar kroner og filmen har premiere i august 2013.

Pornopung

Skodespelarane i ei pause under innspelinga.

Foto: NRK

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska