Hopp til innhold

Ny app viser veg i klassisk-jungelen

Den nye Spotify-appen Classify skal gjere det enklare å finne fram i mylderet av klassisk musikk. – Eit godt hopp framover for uerfarne og middels erfarne klassisk-lyttarar, seier Anders Hofseth i NRKbeta.

Beethoven på Classify

Skjermskot frå Beethoven-sida på Classify.

Foto: X5 Music Group

Spotify lanserte i haust eit eige app-univers inne i musikktenesta. Sist veke vart tolv nye appar tilgjengelege, og ein av dei som har fått mest merksemd, er Classify, designa for å gjere det lettare å finne klassisk musikk på Spotify.

Slik fungerer Classify

På Classifys startside finn brukaren eit oversiktsbilete med ulike inngangar til dei rundt 1400 spelelistene i Classify. Under ei linje med anbefalte album, ligg knappar for 23 av dei mest berømte komponistane – Edvard Grieg er mellom dei heldige som har fått eigen knapp med bilete av bysta si.

På hovudsida ligg det også ein tilsvarande meny for musikkhistoriske epoker frå mellomalder til samtidsmusikk. Det finst ein meny for musikk inndelt etter instrument, og ein inndelt etter tema; opera, symfoniar, kammermusikk og solistar. I tillegg finn du ein meny der musikken er sortert etter stemning – fast, happy, relaxing, dark, sad og romantic.

Under toppmenyane ligg det samla album og spelelister tilknytt temaet. Talet på spelelister for kvar kategori spenner frå tolv (under kategorien sad) til godt over 200 (romantikken).

Classify

Utdrag frå hovudsida på Classify.

Foto: X5 Music Group

– Kan mangedoble forbruket av klassisk

Johan Lagerlöf

Johan Lagerlöf i X5 Music Group.

Foto: X5 Music Group

Johan Lagerlöf er administrerande direktør i svenske X5 Music Group, som har utvikla Classify.

– Vårt motto er at vi skal gjere det lett å velje, seier Lagerlöf til NRK.no.

– Spotify byggjer på søk, og det har vore vanskeleg å finne det ein er interessert i med søkjemotoren. Vi har forsøkt å vri dette mot browse, at ein skal kunne sjå seg rundt og finne noko ein trur ein likar, bla slik ein gjer i ein platebutikk, seier Lagerlöf.

Johan Lagerlöf er godt fornøgd med mottakinga av Classify sidan lanseringa 22. mars:

– Classify har plassert seg som ein av dei mest populære av dei nye appane, og det er kjempegøy – klassisk utgjer jo ein liten del av musikkmarknaden, seier han.

– Vi har ikkje fått statistikk frå Spotify enno, men våre eigne undersøkingar tyder på at meir enn 100.000 unike brukarar har vore innom appen så langt. Vi trur Classify kan mangedoble forbruket av klassisk musikk på Spotify, og vonar talet vil auke til fleire hundre tusen brukarar.

Les: Slik gjer svenskane millionbutikk på klassisk

– Ein god inngangsport for å finne fram

Anders Hofseth

Anders Hofseth.

Foto: Kim Erlandsen

– Det eg likar veldig godt med dette tilbodet, er at det tilbyr ein navigasjon for klassisk musikk, seier Anders Hofseth i NRKbeta.

Behovet for opprydding på klassiskfeltet har samanheng med korleis dei digitale musikkplattformene er systematisert, forklarer Hofseth:

– Heile systemet vi har for namning – og dermed navigasjon i – digitalmusikk i dag, er nedarva frå mp3-universet. Det er laga for populærmusikk, som er veldig utøvar- og låtorientert, men innan klassisk musikk er det komponisten og verket som står i sentrum. Classify gir ein god inngangsport for å finne fram i klassisk musikk.

Hofseth etterlyser like fullt større orden lenger «nedover» i Classify-systemet:

– For meg som er forbi nybyrjarstadiet, men langt frå nokon avansert klassisk-lyttar, er det litt irriterande at ein ikkje har større kontroll over navigasjonen vidare når ein har valt seg til dømes ein komponist eller ei besetning, seier han.

– Likevel duger tenesta absolutt til å oppdage nye ting og bli inspirert til vidare graving – Classify er eit godt hopp framover for uerfarne og middels erfarne klassisk-lyttarar. Trykk på Chopin og la deg overraske – det er fint!

Vil vere ein heim for klassisk på Spotify

Ein ny versjon av Classify er under arbeid, og der vil det ifølgje X5-sjef Johan Lagerlöf kome meir finstilte kategoriar:

– Når ein går inn på Mozart, skal ein etter kvart finne Mozarts symfoniar, pianokonsertar og operaer kvar for seg, og andre kategoriar som til dømes kva musikk som har blitt brukt i film, seier Lagerlöf.

– Tanken er at dette skal bli ein heim for klassisk musikk på Spotify, og at ein skal kunne finne all den klassiske musikken der.

I dag er X5s utgjevingar, i hovudsak digitale «samlealbum» med musikk lisensiert frå andre plateselskap, dominerande på Classify. Lagerlöf seier ein av grunnane er at mange selskap ikkje tilpassar utgjevingane sine det digitale formatet:

– Mange av platene som finst på Spotify er digitaliserte cdar der ein har lagt coveret rett inn. Ofte er skrifta lita og vanskeleg å lese. Våre utgjevingar er laga for eit digitalt format, og grafikken er lettare å forstå. Men på sikt ønskjer vi å samle all den klassiske musikken i Classify.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober