Kort NaN av 23

Vi ♥ jakt

Dei lever og andar for denne årstida. Kva er magien med haustjakta?

Adina Sitje (20):

Årets elgjakt er Adinas aller første. Den starta med eit smell. 

Ho hadde sete på post ein time. Plutseleg kom ei ung kvige tassande på myra.

– Den stoppa ti meter frå meg. Perfekt skothald. 

Adrenalinet pumpa i blodet. Tankane rasa.

– Er det riktig dyr? Kjem eg til å treffe?

Det vart fulltreffar.

– Karane i jaktlaget var veldig glade på mine vegner. Ei heilt rå oppleving.  

Hans Eivind
Ormestøyl (61): 

Hans Eivind har vore i same jaktlag i 45 år. No bur han langt unna, og må køyre over 30 mil for å vere med. 

– Kjerringa er snill og let meg dra, sjølv om eg er borte mange dagar i strekk. Ho veit at dette er den einaste hobbyen eg har. 

Jakta er sjølvsagt spennande, men det aller viktigaste er å møte gamle kompisar.

– Og så er det triveleg å kome heim til mora og broren min. 

Toini Thorsdal (49): 

– Vi har ei eiga tidsrekning i bygda. Det er før og etter jakta. 

Det byggjer seg opp store forventningar når hausten nærmar seg. 

Sjølv om Toini har jakta i over 20 år, kom ei av dei største opplevingane i fjor. 

Ho sat på post ved eit vatn og såg ei elgkvige som la på svøm.

– Eg gjekk i den retninga der ho ville kome i land. 

Men elgen snudde og svømde mot posten hennar. Ho sprang attende for å vere på plass når kviga kom fram. 

– Eg var der i tide og fekk skote dyret. Dette er berre ei av mange historier. Inga oppleving er lik. 

Svein Arild Straume (24): 

Denne karen har vore på jakt sidan han var tre år gamal.

Dei første minna er frå harejakta.

– Eg sat på ein stubbe og knaska smågodt, medan pappa fyra bål og lytta etter losen. 

No jaktar han ti månader i året.

– Rev, gås, rein, hjort, hare og bever, for å nemne noko.

Svein Arild likar aller best å jakte med hund.

– For meg er det jakta sitt svar på Formel 1.

Samarbeidet med bikkjene betyr mykje. Naturopplevinga heng også høgt.

– Eg likar å kome tett på ville dyr, seier Svein Arild, medan hundane dreg i bandet.

Dei har fått los på eit rådyr. 

Sindre Thoresen Lønnes
Fotojournalist
Publisert 15.10.2019
Oppdatert 15.10.2019
Del på Facebook Del på Twitter