Hopp til innhold
Kronikk

Qatarstrofen er eit faktum

Fotball-VM er eit draumeteater, men Qatar 2022 er i ferd med å bli eit levande mareritt for vertsnasjonen og ei real flause for FIFA.

Wall stadium, Doha, Qatar

Pilotprosjektet Wall Stadium, med ein profil som gav det kallenamnet 'Laptop Stadium', har aldri blitt bygd, både fordi forma er heilt urealistisk med tanke på å oppnå tilstrekkeleg publikumskapasitet, og fordi det ikkje er tilstrekkeleg å gå under jorda for å unngå varmen.

Foto: MZ & Partners/Qatar 2022

Red. anm: FIFAs generalsekretær Jerome Valcke uttalte onsdag at «kampdagene for fotball-VM vil ikke bli satt opp i juni/juli» og «for å være ærlig tror jeg mesterskapet blir arrangert mellom 15. november og 15. januar». Visepresident Jim Boyce har siden sagt at det ennå ikke er tatt noen offisiell avgjørelse om flytting.

VM-søknaden sette ny rekord i ufine verkemiddel. Landet har ingen etablert fotballkultur, men til gjengjeld eit godt utvikla diktatur.

Arrangørane brukar slavearbeidar til å bygge anlegg, og eit storstilt PR-apparat til å dysse det ned.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Ein skamplett

Qatar 2022 er allereie ein skamplett, og no når VM blir flytta frå sommar til vinter kan ein verkeleg spørje: Har FIFA fullstendig mista grepet? Svaret er langt på veg ja.

Det er sjølvsagt langt verre at fattige framandarbeidar døyr enn at Qatar bryt tradisjonen med at VM alltid har gått om sommaren.

Det er grunnleggjande problematisk at nok ein stor idrettsmeisterskap blir tildelt eit land som aktivt søker å legitimere eit totalitært styresett ved å førebu eit glansbilete.

Even Smith Wergeland, fotballskribent

Det er også grunnleggjande problematisk, uavhengig av det fotballmessige, at nok ein stor idrettsmeisterskap blir tildelt eit land som aktivt søker å legitimere eit totalitært styresett ved å førebu eit glansbilete, jamfør debatten om Sotsji-OL.

Men no er det ein gong slik at VM handlar om fotball, og det mest påtrengande spørsmålet akkurat no, i lys av FIFA si avgjersle, er kva det vil gjere med fotballen.

Feilslått klimaeksperiment

Då Qatar fekk VM i 2010 garanterte arrangørane klimatilpassa stadion. Dette var i tråd med den klimaorienterte vendinga innan fotballarkitekturen – med VM i 2006 som føregangsdøme – og naudsynt for at VM skulle la seg gjennomføre i eit land der sommartemperaturen lett kan ligge rundt 50º.

Pilotprosjektet var Wall Stadium, eit stadion med nedgraven matte og ein høgreist tribune langs den eine sida. Denne profilen gav det kallenamnet “Laptop Stadium”.

Dette anlegget har aldri blitt bygd, både fordi denne forma er heilt urealistisk med tanke på å oppnå tilstrekkeleg publikumskapasitet, og fordi det ikkje er tilstrekkeleg å gå under jorda for å unngå varmen.

Bak den fancy designen, bevisst brukt til å promotere Qatar som ein dynamisk og framtidsretta VM-arrangør, var det lite substans.

Even Smith Wergeland, fotballskribent

Bak den fancy designen, bevisst brukt til å promotere Qatar som ein dynamisk og framtidsretta VM-arrangør, var det lite substans. Det same kan seinast om ein annan luftig idé, bokstaveleg tala: å lage robot-skyar til å sveve over VM-arenaane.

Les meir:

Teknologien er underutvikla

Problemet for Qatar, slik det også er for mange andre storslåtte klimaprosjekt i dag, er at teknologien som trengst er underutvikla.

Arkitektar og teknologar har lenge jobba saman for å betre situasjonen, men det som fungerer for eit passivhus i liten skala let seg vanskeleg overføre på dei verkeleg store prosjekta.

Dette har dei omsider innsett, og dermed har klimavisjonen blitt droppa til fordel for vinter-VM.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook

FIFA i skammekroken

Dette burde FIFA forstått allereie då VM blei tildelt Qatar. Men, som Lars Sivertsen skriv i Josimar, FIFA hadde meir enn nok med intern strid og kontroversar på den tida.

Den totale mangelen på kvalitetssikring og realitetsorientering tildelingsprosessen var prega av, gjer at me no risikerer eit VM i 2022 utan dei beste spelarane på plass.

Den totale mangelen på kvalitetssikring og realitetsorientering tildelingsprosessen var prega av, gjer at me no risikerer eit VM i 2022 utan dei beste spelarane på plass.

Even Smith Wergeland, fotballskribent

Fleire av dei større ligaane og klubbane i Europa har signalisert sterk motstand mot vinter-VM. Desse har ressursar til meine alvor. Det same har IOC, som vil gjere alt i si makt for å forhindre kollisjon mellom OL og fotball-VM.

Auker spenninga mellom klubb og landslag

Det FIFA bidreg til med denne flyttinga, er å auke den betydelege spenninga mellom klubb- og landslagsfotball; ei spenning som har auka i intensitet dei seinare åra.

Dette manifesterer seg i alt frå krav om erstatning når spelarar blir skada i landskampar til at spelarar meldar fråfall til landslagssamlingar, ofte på mistenkeleg tynt grunnlag. Den yttarste konsekvensen er at somme spelarar takkar nei til landslagsspel. Dette har blitt vanlegare dei seinare åra, særleg blant eldre spelarar som ikkje er faste på sine respektive landslags, og som dermed ikkje orkar bryet med å dra på samling.

Kapital over integritet

Det er også ei anna gruppe som skil seg ut, nemleg afrikanske spelarar. Fleire av desse skuldar på manglande tryggleik og dårleg organisering, men sjølve konflikten som utløyser landslags-nei kjem gjerne i samband med Africa Cup of Nations (ACN). Afrika-meisterskapen går nemleg føre seg annakvart år i februar månad, noko som betyr at mange nøkkelspelarar forsvinn frå klubbane sine i fleire veker. I striden mellom klubb og landslag er det som regel den arbeidsgjevaren med størst sjekkhefte og sportsleg prestisje som vinn duellen.

Interessant nok har FIFA teke grep for å bøte på dette, ved å flytte ACN frå partals- til oddetalsår. FIFA-president Sepp Blatter har attpåtil lagt press på ACN for at det i framtida må gå føre seg om sommaren.

Dessverre seier dette meir om Blatter si evne til å snu kappa hurtig etter vinden enn om FIFA si integritet. Medan det er enkelt å leggje press på ein relativt sett fattig fotballkonføderasjon som den afrikanske, er det ikkje fullt så enkelt når verdas rikaste land opnar oljebanken og bed omverda tilpasse seg.

Då vel FIFA å spele etter arrangøren si pipe, sjølv om det er reell fare for at den sektoren dei er meint å skulle representere, altså landslagsfotballen, blir omdanna til eit B-produkt.