Hopp til innhold
Kronikk

Kunsten å vere flink nok

Flinkisforventningane blir stadig fjernare frå eit gjennomsnittleg liv. I tillegg fører dei til mindre solidaritet med dei som ikkje presterer på topp, skriv Trine Østereng.

Treningssenter

'Har du råd til å gå på treningssenter, er det lettare å kome i god form. Trener du mykje, har du overskot til å gjere meir enn ein som aldri tar på seg joggeskoa', skriv Trine Østereng.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

I kveld, når gatelysa har blitt tent og Kveldsnytt er ferdig, kan det vere at du er ein av oss. Me som legg oss under dyna med litt dårleg samvit. Når me skal vurdere dagen som er over, konkluderer me kanskje med at me burde ha sett mindre på TV. Me burde ha jobba ein liten time til. Me burde ha lest ei bok, ikkje surfa på Facebook.

Forteljingane om dei flinkaste siv stadig inn gjennom ulike kanalar. Ideala for kva ein flink person bør gjere, blir stadig meir ekstreme. Då er det lett å miste retningssansen og stille urimelege krav til seg sjølv.

LES: «De flinke barnas sorg»

Flinkisideologien

Dyrkinga av dei gode prestasjonane kan motivere mange til å gjere ein god innsats. Det er fint, men me må ikkje gløyme at det ikkje er innsats og konkurranseinstinkt åleine som avgjer kven som blir flinkast. Så enkelt er det ikkje.

Utgangspunktet ditt påverkar om du har høve til å vere flink.

Trine Østereng, statsvitar og redaktør i Maddam

Utgangspunktet ditt påverkar om du har høve til å vere flink. Får du mykje leksehjelp heime, blir det sjølvsagt enklare å vere flink på skulen. Har du råd til å gå på treningssenter, er det lettare å kome i god form. Trener du mykje, har du overskot til å gjere meir enn ein som aldri tar på seg joggeskoa.

HØR DEBATTEN: Flinkisgenerasjonen i Ekko P2

Kaldare samfunn

Ideologien som seier at kvar person åleine er ansvarleg for eigne prestasjonar, er med på å gi eit kaldare samfunn. Det gir mindre solidaritet med dei som ikkje presterer på topp. Kvifor skal ein vere solidarisk i lønnsoppgjeret med ein person med låg løn, dersom det er fordi denne personen ikkje gjorde lekser på skulen? Kvifor skal dei flittige med høg lønn betale skatt som går til dei late med låg lønn?

Ideologien som seier at kvar person åleine er ansvarleg for eigne prestasjonar, er med på å gi eit kaldare samfunn.

Trine Østereng, statsvitar og redaktør i Maddam

Desse spørsmåla er ikkje representative for korleis folk tenkjer i dag, men flinkisideologien er med på styrke denne logikken. Det gir eit forvridd bilete av kvifor folk har den sosiale posisjonen dei har. Ein mistar forståinga for at bakgrunn påverkar sjansane til å lukkast, og ein blir sitjande med færre argument for å skape eit samfunn som gir ulike folk like sjansar.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Den norske draumen

I Noreg har me klart å byggje eit fellesskap der det er mogleg å klatre sosialt. Difor skreiv The Economist for nokre veker sidan at Noreg var det landet i verda der det var størst sannsyn for å oppleve den amerikanske draumen: Å slå seg opp frå botn til topp av samfunnet.

Sanninga er at sosial bakgrunn har mykje å seie i Noreg, men at det har enno meir å seie i andre land.

Trine Østereng, statsvitar og redaktør i Maddam

Det skulle tilseie at Noreg er eit land der flinkisfaktoren kan forklare kven som gjer det bra. Sanninga er heller at sosial bakgrunn har mykje å seie i Noreg, men at det har enno meir å seie i andre land. Statistikken i Oslo viser at menn på Sagene, aust i Oslo, lever mange år kortare enn menn på Vinderen, vest i Oslo. Levealder heng saman med helse, kosthald og livsstil. Dersom flinkheit var jamt fordelt mellom folk, skulle me ikkje sett denne typen utslag. Prestasjonar heng saman med bakgrunn.

LES OGSÅ: Vi er unge mye lenger enn før

Nettpresset

Dei aukande flinkiskrava kjem ikkje ut av det blå. Reklameverda har ideal det er vanskeleg å oppfylle, enten det gjeld mote, sminke, barneprodukt eller trening. Butikkane tener pengar på å tilby produkta som kan hjelpe oss med å kome eit hakk nærmare det gode liv.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

På nokre område er det umogleg å vere flink nok. Modellar blir retusjerte for å bli gode nok på trykk. Vi i byane opplever stadig at ultratynne lår suser forbi som trikkereklame. Det står ingenting om at bileta er fiksa og triksa med.

Internettlukka er ei harmonisk blanding av familieliv, kulturopplevingar og karriere på Facebook.

Trine Østereng, statsvitar og redaktør i Maddam

Krava frå reklamane blir sterkare når dei også får ekko på nett. Sosiale media og bloggar er nye arenaer for å dyrke både prestasjonar og heimeidyll. Internettlukka er ei harmonisk blanding av familieliv, kulturopplevingar og karriere på Facebook. Her fortel me sjølv kva me har fått til. Kvar enkelt Facebook-brukar treng ikkje å påverke omverda så mykje, men summen av alle statusoppdateringane og bileta gir eit sterkare kollektivt press.

Dei beste blant oss

Ideen om at me alle kan få til kva me vil, berre me søv litt kortare netter og gjer timeplanane våre enno strengare, er ikkje heilt presist. Du kan ikkje måle prestasjonar utifrå kor korte netter folk har. Idealet gir også eit usunt bilete av kva som er eit godt liv.

Flinkisideologien kan ikkje dominere. Då blir dei aller fleste av oss taparar.

Trine Østereng, statsvitar og redaktør i Maddam

For at også dei som ikkje er toppsjefar eller supermodellar skal kunne vere tilfredse med kvardagen sin, trengst det nokre felles grep. Det er på tide med ei innstramming av reglane for retusjering av reklame. Samtidig bør me gå saman om fellesskapsløysingane som gjer det enklare å lukkast for fleire.

Flinkisideologien kan ikkje dominere. Då blir dei aller fleste av oss taparar.

SJÅ: NRK-serien «Status Norge: Ungdom nå til dags»

NRK2 28/11 klokka 20:45
NRK2 30/11 klokka 19:55