Hopp til innhold

– Alarmen går, og du har sekund på å redde livet ditt

Den norske studenten Silje byrjar å bli van med at bombealarmen går, men ho vert likevel stiv av redsel. Ho sit livredd i Israel, og deler redselen med palestinarar på andre sida av grensa.

Silje

Det israelske luftforsvarssystemet skyt ned rakettar som er skotne ut av Hamas. Biletet er teken frå Tel Aviv, der norsk-israelske Silje (innfelt) bur og studerer. Ho fortel om ein stor redsel og frykt for kva ein intifada kan bety.

Foto: Dan Balilty / Ap

– Alarmen går, og når du bur her i Tel Aviv har du då 90 sekund på deg til å finne eit bomberom. Der må du bli verande til raketten vert stoppa av Iron Dome, fortel Silje som ikkje vil bruke etternamnet sitt.

– Utruleg traumatiserande

Iron Dome er luftforsvarssystemet til Israel, som skal skyte ned rakettar frå Hamas før dei landar på Israelsk grunn. Dei siste dagane har Iron Dome vore mykje i bruk og bombealarmen har gått av med jamne mellomrom.

– Det er ein skummel situasjon å vere i. I Sør-Israel har du berre 15 sekund på å finne dekning. 15 sekund på å redde livet ditt, meir eller mindre. Det er utruleg traumatiserande for barn og andre menneske. Sjølv for meg, som jo er norsk, er dette traumatisk, seier Silje til Ukeslutt på P2.

Dei siste dagane har den væpna palestinske gruppa Hamas skutt meir enn 500 rakettar inn i Israel. Så langt er det ikkje rapportert om drepne som følgjer av desse rakettane. Likevel er redselen stor.

– Eg draumar om sirener. Eg bur i ein bygning utan bomberom, og må gå ut i trappeoppgangen når alarmen går. Det er kjempeskummelt og ikkje ein realistisk situasjon for meg å vere i, seier Silje, som likevel ikkje har tenkt å reise heim att til Noreg.

Blir verande i Israel

– Eg vurderte å reise heim på ferie, men eg likar å vere her, og har ikkje tenkt å reise no. Utanom krigen er det ein fin stad å vere, seier Silje som er norsk-israelsk som også har familie i Israel.

Ho seier ho er mest redd for at det no skal bli ein intifada med sjølvmordsbombarar.

– Eg studerer jo i Tel Aviv og tek bussen til skulen kvar dag, og berre tanken på at bussen eg set meg på kan eksplodere er skummel. Dei har snakka om sjølvmordsbombarar som har vore på veg inn i landet og stoppa dei ved grensa.

Ho heier på freden.

– Eg ønskjer at krigen skal ta slutt. Eg har vener som er i militæret, det er skummelt å tenkje på det. Situasjonen kan eskalere eller stoppe, og eg håpar den stopper. Eg tenkjer mest på at eg og familien min skal vere trygge, og at det vert så få sivile tap som mogleg, seier Silje.

Skjønar ikkje korleis samfunnet heng saman

Mideast Israel Palestinians Mohammed Sowelim

Det er stort sett berre gravferder som får folk på Gaza til å gå ut av husa sine, fortel Sidsel Wold. Her er det Mohammed Sowelim, som av nyheitsbyrået Ap vert omtala som ein jihadistisk krigar, som vert stedt til kvile etter å ha blitt drepen i eit israelsk rakettangrep.

Foto: Adel Hana / Ap

På den andre sida av grensa til Gaza er det stille. Også der held folk seg inne i frykt for kva som kan skje om dei går utandørs. NRKs reporter i Gaza, Sidsel Wold, fortel om tomme gater og gjentakande eksplosjonar.

– I dag tidleg var det mykje skyting, bombing og mange angrep. Nærast kvar tjuande sekund var det drønn. Vegane er stort sett tomme, men på gravlundane er det mange fordi folk er i gravferder, fortel Wold til Ukeslutt.

I løpet av natta skal 21 personar ha mista livet, og så langt skal 126 ha blitt drepne av israelske rakettar dei siste dagane. FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar, UNRWA, melder om at ni av deira skular skal vere trufne, og at mange er ramma på grunn av knuste kloakkrøyr.

Laster Twitter-innhold

– Eg skjønar ikkje korleis dette samfunnet fungerer, for det er jo ingen folk som er ute. Korleis får dei mat? Bankane fungerer ikkje, så det er ingen pengar å få tak i. Folk sit inne heile dagen, vettskremte, seier Wold.

Palestinarar fryktar bakkeinvasjon

Tidlegare i dag snakka ho med ein israelsk journalist som meinte ein israelsk bakkeinvasjon kan skje ganske snart, slik også Israel sa i går.

– Journalisten fortalde at israelske soldatar hadde fått beskjed om å gi frå seg mobiltelefonane. Det er eit teikn på at bakkeinvasjonane kan skjer snart. Det kan vere seks timer, det kan vere tolv timer, det veit me ikkje, seier Wold.

Ho legg til at det ofte vert utført ekstra mange luftangrep i tida før ein bakkeinvasjon for å ta ut strategiske mål og legge ting til rette for at bakkestyrkane.

Wold seier at folk i Palestina fryktar det verste ved ein eventuell bakkeinvasjon.

– Folk er livredde fordi dei veit at når soldatane kjem inn, så er dei nervøse. For Israel er Gaza eit terroristreir, og dei skyt difor gjerne fortare enn om dei hadde vore meir sikre på omgjevnadane, fortel Wold.

SISTE NYTT

Siste nytt