Hopp til innhold

– Trudde me skulle slåst mot fallskjermsoldatar

Ein prorussisk separatist hevdar han fekk beskjed frå sine overordna om at det var dei som skaut ned det malaysiske passasjerflyet, ifølgje ei italiensk avis.

Ein lokal innbyggjar vitjar flyvraket

Ei lokal kvinne skuar ut over vrakrestane etter passasjerflyet som styrta utanfor byen Torez i Donetsk, aust i Ukraina. Det er framleis uvisse om nøyaktig kva som skjedde og kven som står bak.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / Afp

Ingen har så langt teke på seg skulda for nedskytinga av Malaysia Airlines MH17 over den austlege Donetsk-regionen i Ukraina den 17. juli. Passasjerflyet var på veg mot Kuala Lumpur og alle dei 298 menneska som var om bord er stadfesta døde.

Prorussiske separatistar i Ukraina har blitt skulda av fleire, blant anna USA, for å stå bak nedskytinga. Seinast i går uttala amerikanske etterretningsekspertar at flyet truleg hadde blitt skote ned av inkompetente pro-russiske separatistar.

Ein prorussisk separatist frå Oplot-bataljonen har no teke bladet frå munnen. Han hevdar å ha fått beskjed frå sine leiarar om at det var dei som stod bak nedskytinga, ifølgje den anerkjende italienske avisa Corriere della Sera.

– Me trudde me skulle kjempa mot fallskjermsoldatar, men i staden fann me døde sivile, seier separatisten til avisa.

Plutseleg fekk eg auge på metallbitar. Under dei låg kroppen til ei lita jente. Ho kan ikkje ha vore meir enn fem år gamal.

Prorussisk separatist til italiensk avis

«Eitt av Kiev-fascistane sine fly»

Mannen fortel at dei torsdag ettermiddag førre veke fekk ordre av sine overordna om å hoppa inn i lastebilane med våpen og godt med ammunisjon.

– Om lag ti minutt tidlegare hadde det vore ein stor eksplosjon på himmelen. «Me har nettopp skote ned eitt av Kiev-fascistane sine fly», fortalde dei oss og åtvara om at fleire av soldatane hadde hoppa ut i fallskjerm.

Avisa kom i tale med den 31 år gamle tidlegare gruvearbeidaren på jernbanestasjonen i Torez, der togvognene med dei drepne flypassasjerane stod parkerte og venta på avgang til Kharkiv. Derifrå skal trekistene fraktast vidare med militære transportfly til Eindhoven i Nederland onsdag.

Nederland har fått ansvaret for identifiseringsarbeidet ettersom 192 av dei drepne var statsborgarar der.

(Saka held fram under biletet)

Flystyrt i Ukraina

Til saman er 298 menneske stadfesta døde etter flykrasjet. Fleirtalet var nederlandske statsborgarar.

Foto: Dmitry Lovetsky / Ap

– Fann kroppen til ei lita jente

Kjelda seier han har fått ordre om ikkje å oppgje namn eller rang.

Han og medsoldatane skal ha leita etter fallskjermar i tre og på bakken då det sakte men sikkert gjekk opp for dei at det ikkje var stridslystne ukrainske soldatar som venta dei.

– Plutseleg fekk eg auge på metallbitar. Under dei låg kroppen til ei lita jente. Ho kan ikkje ha vore meir enn fem år gamal. Ho låg der med andletet ned mot bakken. Det var grusomt, legg han til.

Då han fekk auge på ein haug med øydelagde koffertar var all tvil borte.

– Då gjekk det opp for meg at det var eit sivilt fly, ikkje eit militærfly. Og at alle desse døde menneska var sivile, fortel mannen til italienske Corriere della Sera.

Fleire andre separatistar stadfestar hans versjonen overfor den tyske avisa Frankfurter Allgemeine.

31-åringen motseier likevel informasjonen han skal ha fått frå leiarane sine, og avviser at det er hans gruppering som står bak nedskytinga. Han skuldar i staden på «bandittane som tek ordre frå Kiev».

Det russiske forsvarsdepartementet har også skulda Ukraina for å stå bak flykatastrofen.