Hopp til innhold

Obama vil endre «utdatert» Cuba-politikk

USAs president Barack Obama varslar ei normalisering av forholdet til Cuba, etter over 50 år med ein politikk som ikkje har fungert.

Obama: Nytt kapittel i vår historie

VIDEO: Sjå heile Cuba-talen til Barack Obama.

Cuba har sett fri den amerikanske hjelpearbeidaren Alan Gross (65) etter fem år i fengsel, medan USA set fri tre kubanske etterretningsagentar. Semja om fangeutveksling har ifølgje sett fart i arbeidet for å normalisere forholdet mellom dei to landa.

Obama ynskjer å normalisere forholdet til Cuba, og han trur det vil gjere situasjonen betre for innbyggjarane i begge landa. Han gjorde det klart at 50 år med å isolere Cuba har vore mislukka, og viste til at USA i løpet av den tida har normalisert sambandet med tidlegare fiendar som Kina og Vietnam.

- Eit nytt kaptittel

Alan Gross i fangenskap på Cuba.

Alan Gross er tilbake på amerikansk jord etter å ha vore fengsla i Cuba i fem år.

Foto: James L. Berenthal / Ap

Både USAs president Barack Obama og Cubas øvste leiar Raúl Castro heldt fjernsynstalar klokka 18, der dei begge varsla at dei to landa skal etablere normalt diplomatisk samband. Obama sa at den nye politikken overfor Cuba startar eit nytt kapittel i amerikansk historie.

- Ingen er tente med ein politikk som er grunngitt i hendingar som skjedde for så lenge sidan. Dei siste åra har vist at isolasjon ikkje har fungert. Det er på tide å gi eit nytt svar, sa Obama i talen sin.

Barack Obama sa i fjernsynstalen sin akkurat at han respekterer dei i USA som ikkje er samde med han om den nye politikken overfor Cuba, men han ber dei hugse at dei ikkje kjem til å greie å endre den kubanske politikken ved å ikkje gjere noko nytt.

- Todos somos americanos ( vi er alle amerikanarar), sa Obama blant anna.

Han rett også ei varm takk til pave Frans, som har spelt ei viktig rolle i forhandlingane mellom USA og Cuba.

– Eit skifte i politikken

I tillegg til at Alan Gross er også det Obama kallar ei svært viktig amerikansk etterretningskjelde på Cuba er sett fri som følgje av avtalen. Han er alt komen tilbake til USA.

Flyet med Alan Gross om bord landa på Andrews flybase like ved Washington DC ved 17.30-tida norsk tid.

Denne fangeutvekslinga var ifølgje Obama eit første steg på vegen til ein heilt ny amerikansk politikk overfor Cuba.

Raul Castro og Barack Obama

Barack Obama og Raúl Castro skal prøve å formalisere forholdet mellom USA og Cuba.

Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters

USA ynskjer ei full normalisering av forholdet til Cuba, blant anna ved å opne ein ambassade i landet. I dag har USA berre eit «interessekontor» i Havanna. Det skal i løpet av kort tid innleiast forhandlingar om normalisering.

– Lettar på reiserestriksjonar

Obama varslar mindre rigide reiserestriksjonar for amerikanske statsborgarar som ynskjer å reise til Cuba, men det blir førebels ikkje lov for amerikanske borgarar å reise på ferie til den karibiske øystaten. Eksil-kubanarar i USA vil få reise på familiebesøk til Cuba.

Banksamarbeidet mellom dei to landa vil bli teke opp att. Det blir lettare å sende pengar til Cuba og det blir opna for meir amerikansk eksport til landet.

Cuba skal ha gått med på å setje fri 53 innsette som USA karakteriserer som politiske fangar. Ein del av dei skal alt vere fri, seier ein amerikansk tenestemann.

Obama seier at målet med forhandlingane med Cuba er å fjerne dei amerikanske økonomiske sanksjonane mot landet.

Barack Obama i telefonen med Raoul Castro.

Her snakkar Barack Obama med Cubas president Raul Castro på telefonen.

Foto: Pete Souza / The White House

LES OGSÅ: Snowden ikke velkommen til Cuba

15 års fengsel

Pave Frans på Peterplassen.

Pave Frans har spelt ei viktig rolle i forhandlingane mellom USA og Cuba, seier amerikanske tenestemenn.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

David Gross (65) vart arrestert på Cuba 3. desember 2009. Han vart dømd til 15 års fengsel for å ha importert ulovleg teknologi, og for å ha prøvd å etablere ein hemmeleg Internett-service for kubanske jødar.

Gross arbeidde for hjelpeorganisasjonen USAID (US Agency for International Development) då han vart arrestert.

Ein amerikansk senator seier til Reuters at samtalane for å få Gross fri har halde på i rundt eitt år, og at pave Frans har spelt ei viktig rolle i forhandlingane. Også Canada har vore aktivt med i dialogen.

USA har hatt ein handelsblokade av Cuba sidan 1962.

Politisk motstand

Ikkje alle i det politiske USA har teke godt mot det som ser ut til å bli endringar i den amerikanske politikken. Leiaren for utanrikskomiteen i Det amerikanske senatet, Robert Menendez, seier at det Obama no har gjort er å «rettferdiggjere den brutale framferda til den kubanske regjeringa».

Han seier også at det å utveksle Alan Gross med tre «dømde kriminelle» opnar for «ein ekstremt farleg praksis». Menendez er partifelle med Obama i Det demokratiske partiet.

Senator Marco Rubio frå Det republikanske partiet seier at det ikkje blir fleirtal i Kongressen for å oppheve dei økonomiske sanksjonane mot Cuba. Han er sterkt kritisk til fangeutvekslinga.

SISTE NYTT

Siste nytt